Foto av det gule bygget som rommar Quality Hotel Florø. Hotellet ligg heilt nede ved sjøen, og vi ser sjøen i framgrunnen. Det er overskya og litt blå himmel.
Foto av det gule bygget som rommar Quality Hotel Florø. Hotellet ligg heilt nede ved sjøen, og vi ser sjøen i framgrunnen. Det er overskya og litt blå himmel.

Oppdrettsseminaret fann stad på Quality Hotel Florø. Foto: Sogn og Fjordane fylkeskommune

Kompetansemeklar på oppdrettsseminar

Nyslått kompetansemeklar Paul Jacob Helgesen representerte VRI4-prosjektet på fagseminaret om fiskeoppdrett i samband med Himmel og Hav-helga i Florø 15.–18. juni.

– Vegen til eit godt omdømme var sentralt i fleire tema som var oppe. Det er nyttig med slike samlingar, der næringa kan utveksle erfaringar og lære av kvarandre. Det er viktig at vi møter næringa der dei er og på eksisterande møteplassar, seier Helgesen, som er kompetansemeklar for havbruk og sjømatnæringar i VRI4-prosjektet.

VRI4 er Sogn og Fjordane fylkeskommunen sitt treårige prosjekt for rekruttering og mobilisering til forsking og utvikling (FoU). Kompetansemeklarane skal diskutere prosjektidear og moglegheiter med bedrifter og nettverk i fylket – og kople bedrifter med relevante FoU-miljø.

Aktuelle tema

Andre tema på fagseminaret var innsikt i oppdrettsamarbeid i andre landsdelar, nytt frå Salmon Group, marknad for laks i Spania og marknad for røykelaks produsert i Norge.

– Eg tek med meg erfaringane herifrå vidare i arbeidet i VRI4. Det er kjekt å møte næringslivet og høyre kva opplevingar dei har, for så å ta dette vidare i møte med både bedrifter, forskarar og det offentlege hjelpemiddelapparatet, fortel Helgelsen.

Erfaringar med VRI

Innovasjon og nyskaping gjekk igjen i fleire av temaa. Fiskeriutsending Hildegunn Fure Osmundsvåg peika blant anna på behovet for innovasjon innan produktutvikling for å oppnå «added value». Den nye sjefen for Salmon Group, Anne-Kristine Øen, fortalde også om svært stor FoU-aktivitet hjå medlemmane deira. 

Dagleg leiar ved Svanøy Røykeri, Gro Tveit Sveen, deltok også på seminaret. Røykeriet er eit godt døme på korleis ei verksemd kan ha god nytte av ordningar som VRI.

Dei fekk tildelt midlar frå VRI Sogn og Fjordane i 2009. Sveen fortalde at hjelpa dei fekk den gongen – spesielt gjennom dei miljøa og personane dei vart sette i kontakt med – var avgjerande for satsinga deira på nye produksjonslokale. Svanøy Røykeri er no iferd med å utvikle eit nytt varmrøykt produkt, og Sveen viste stolt fram emballasjen som snart skal fyllast med god laks.

Meir om VRI4-prosjektet her.

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Endre Høgalmen

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur
Endre.Hogalmen@sfj.no
952 07 789

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00