Kommuneproposisjonen 2011

Nytt inntektssystem for fylkeskommunane ytterlegare utsett. Dette gjev kortsiktig vinst for Sogn og Fjordane, men det er uheldig ikkje å ha oversikt over framtidig inntektsgrunnlag, særleg når utgreiingsarbeid på området tyder på redusering.

Regjeringa sitt framlegg Prop.124 S om politikken for kommunesektoren er lagt fram i dag, Denne inneheld mellom anna informasjon om rammene (frie inntekter) for budsjett og økonomiplan.

Det er ikkje varsla vesentlege endringar i dei reelle inntektsrammene for 2010. For fylkeskommunane er det lagt opp til ein realvekst frå 2010 til 2011 på 0,200 mrd.kr. Dette er 0,100 mrd kr mindre enn føresett i fylkeskommunen sin økonomiplan.

Den venta endringa i inntektssystemet for fylkeskommunane er ytterlegare utsett. Dette inneber at det i hovudsak vil vere dei ”gamle” kriteriene som vert nytta også for 2011. Etter at det er teke omsyn til redusert realvekst vil dei frie inntektene bli 7 – 9 mill kr høgare enn rekna med dette året. For åra etter 2011 vil det også bli ein positiv effekt, men denne vil minke etter kvart.

For seinare år vil nytt inntektssystem ha avgjerande verknad. Sjølv om utsetjinga gjev ein kortsiktig vinst, vil fylkeskommunen halde fram arbeidet med å tilpasse seg den forventa nedgangen i inntektsrammen frå 2012.

Del dette:

Relaterte lenker