Kommunalkomiteen fekk både gode svar og tunge utfordringar frå fylket

”Komiteen fekk gått gjennom mange emne innan samhandlingsreforma knytte til det arbeidet politikarane no skal i gang med. Turen til Årdal var nyttig ved at komiteen fekk sett resultata av omstillingsarbeidet der. Særleg gjorde omvisninga på NorSun inntrykk,” seier fylkesrådmann Jan Øhlckers.

Fylkesvaraordførar Åshild Kjelsnes (AP) følgde andre dag av vitjinga til komiteen. Ho tykte det var særskilt interessant å vere med på Distriktssenteret i Sogndal og Høgskulen i Sogn og Fjordane. ”Komiteen stilte mange spørsmål og det slo meg kor viktig arbeid Distriktssenteret gjer med omsyn til omdømmebygging i praksis.

Slik sett bør også fylkeskommunen nytte seg meir av den kunnskap og erfaring innan omdømmebygging som Distriktssenteret har bygt opp det året dei har vore i gang,” seier Kjelsnes. Ho merka seg også at det gjorde inntrykk på komiteen å oppdage at Høgskulen i Sogn og Fjordane dreg til seg ein høgare del studentar utanfrå fylket enn det som er vanleg for tilsvarande høgskular.

Komiteen vart også utfordra av Vestlandsforsking til å nytte seg meir av den erfaring som er bygt opp i Sogn og Fjordane når det gjeld databasert handtering av helsetenester. ”Vitjinga i Sogn og Fjordane var nyttig og har gitt oss eit godt grunnlag for det vidare arbeidet vårt i komiteen,” seier komiteleiar Heikki Holmås (SV).

Les foredraga her:

Finansforvaltning dei siste ti åra - Fylkesmannen i S. og Fj. v/ Kåre Træen
Samhandlingsreforma og demografisk utvikling i S. og Fj. - Fylkesmannen i S. og Fj. v/ Anne Karin Hamre
Nytt inntektssystem - Eit innspel frå S. og Fj. fylkeskommune
Gjennomføring av forvaltningsreforma - Sogn og Fjordane fylkeskommune
Plankompetanse i kommunane - Fylkesmannen i S. og Fj. , KS S. og Fj. og S. og Fj. fylkeskommune
Fornying av offentleg sektor - DIFI v/ Hans Christian Holte
Kommunesamarbeid - status og planar i S. og Fj. - KS S. og Fj. v/ Olav Lunden
Samhandlingsreforma - frå kommunane sin synsstad - KS S. og Fj. v/ Olav Lunden
Inntektssystemet for kommunane - KS S. og Fj. v/ Vidar Roseth

Del dette:

Relaterte lenker