KOFA gjev Sogn og Fjordane fylkeskommune medhald i klagesak

Fylkeskommunen vart i haust klaga inn for Klagenemnda for offentlege innkjøp (KOFA). No slår KOFA fast at fylkeskommunen ikkje har brote regelverket i ein innkjøpskonkurranse om kontor- og datarekvisitta.

Det var leverandøren Maske Gruppen AS som klaga fylkeskommunen inn for KOFA. Dette gjorde dei etter at tilbodet deira i innkjøpskonkurransen vart avvist.

Krav til original toner

Konkurransen gjaldt kjøp av kontorrekvisita, mellom anna toner til skrivarar og kopimaskiner. Fylkeskommunen hadde lagt inn krav om original toner. Maske leverte tilbod utan dette og vart difor avvist. Klagen til KOFA var grunngjeven med at forskrifta om offentlege anskaffingar seier ein ikkje skal be om merkenamn dersom ikkje «kontraktens gjenstad berettiger det».

Fylkeskommunen hadde krav til original toner fordi garantiane til skrivarprodusentane fell bort om ein nyttar uoriginal toner. Det er også nokre praktiske fordelar med å nytte original toner, til dømes at maskinen då vil vise attverande tonernivå.

KOFA har no slått fast at fylkeskommunen hadde lov til å be om original toner, og at det ikkje ligg føre eit brot på regelverket.

Relevant for mange

– Denne klagesaka er relevant for mange oppdragsgjevarar. Vi er kjende med at fleire har avlyst konkurransar fordi dei har bedt om original toner. Avlysinga har kome som følgje av at Maske og andre tilbydarar har klaga på kravspesifikasjonen. No slår altså KOFA fast at det er lov å be om merkenamn på toner viss grunngjevinga er tilfredstillande. Det tykkjer vi er svært positivt for oppdragsgjevarane, seier innkjøpssjef i fylkeskommunen, Siri R. Heggenes

Det var Flora kommune som på vegne av fylkeskommunen og fleire andre oppdragsgjevarar gjennomførte innkjøpskonkurransen gjennom innkjøpssamarbeidet i fylket.

For meir informasjon

Siri R. Heggenes
innkjøpssjef
tlf. 57 65 62 61/415 30 981
e-post: siri.ringheim.heggenes@sfj.no

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut