Klimatilpassing

Klimatilpassing omfattar tiltak som vert sett i verk for å tilpasse samfunnet til dagens - og framtidas klimaendringar. Kor store konsekvensane av klimaendringane vil vere for naturen og samfunnet i fylket, vil vere avhengig av kor mykje klimaet faktisk endrar seg. I tillegg vil fylket si evne, moglegheit og vilje til å ta omsyn og aktivt tilpasse seg desse endringane spele ei viktig rolle. 

Meld. St. 33 (2012-2013) Klimatilpassing i Norge, peikar på at alle har eit ansvar for å tilpasse seg klimaendringane, både enkeltindivid, næringsliv og myndigheiter.

Klimaframskrivingar er eit viktig grunnlag i arbeidet med å klimatilpasse samfunnet. Arbeidet med klimatilpassing skal legge «føre var»-prinsippet til grunn i planlegginga, og arbeide ut frå dei høgaste utsleppsscenarioa (RCP 8,5) definert i dei nasjonale klimaframskrivingane. Kunnskapen kring klimaframskrivingane vert meir detaljert, medan det framleis er knytt ein del uvisse kring omfanget av konsekvensane.

Klimaframskrivingane i Klimaprofil Sogn og Fjordane, utarbeida av Norsk Klimaservicesenter (2016) peiker på endringane i klimaet fram mot slutten av hundreåret. Det er mellom anna forventa auka årstemperatur, auka årsnedbør, kraftigare og hyppigare styrtregnepisodar, større og oftare regnflaumar, mindre snø i låglandet og meir snø i enkelte områder i høgfjellet. Desse klimatiske endringane vil kunne gi auka fare for flaum, skred og stormflo, noko som igjen vil medføre ekstra utfordringar for vegane og anlegga i Noreg. Denne infrastrukturen er kritisk for å ivareta sikkerheita og beredskapen, dei levedyktige lokalsamfunna og det konkurransedyktige næringslivet i fylket.

klimaprofil Sogn og FjordaneKjelde: Klimaprofil Sogn og Fjordane, Norsk Klimaservicesenter, 2016.

Utfordringar

Dei forventa økonomiske konsekvensane knytt klimaendringane er store, også innan transportområdet. Områder som tidlegare ikkje har vore utsett for skred og flaum kan no bli påverka. Val av løysingar for nybygg og endring i drifts- og vedlikehaldsstandardar for alle transportformer er forventa å bli endra. 

Klimatilpassing av samfunnet vil vere å redusere og eliminere dei negative konsekvensane av dagens og framtida sine klimautfordringar. Klimaendringane fører med seg ein kontinuerleg behov for klimatilpassing for å unngå uønskte hendingar som kan føre med seg fare for menneskeliv, og kan ramme infrastruktur og samfunnsfunksjonar.

Utfordringane knytt til samferdsle i fylket blir auka nedbør, og dei konsekvensane knytt til dette. Fylket er allereie utsett når det kjem mykje nedbør. Hovudutfordringane framover er knytt til auka fare for skred og flaum som følgje av ekstremvær, i tillegg til havnivåauke og stormflo-problematikk. Vedlikehaldsetterslepet er allereie stort, og klimaendringane vil auke desse utfordringane.

Figurane nedanfor viser høvesvis auke i dagar med kraftig nedbør og havnivåstigning på landsbasis fram mot 2100.

Endring nedbør

Havnivåstigning

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Ole Ingar Hagen Hæreid
Plan- og beredskapsleiar
ole.hareid@sfj.no
415 30 954

Kontakt

Ole Ingar Hagen Hæreid
Plan- og beredskapsleiar
ole.hareid@sfj.no
415 30 954

Ansvarleg eining

Samferdsleavdelinga

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00