yasma 6a 38r
yasma 6a 38r

E39 gjennom Jølster vart treft av fire ras då uvêret herja i slutten av juli i år. Meir nedbør er ein av konsekvensane av eit endra klima, som blir rekna som ei av hovudutfordringane for Vestland fylke framover.

Klimabevisste vestlendingar

Resultata frå dialogmøte med innbyggjarar, spørjeundersøkingar, statistikk og analyse er no klart. Nye Vestland fylkeskommune står overfor ti hovudutfordringar, og fem av dei er på ulikt vis klimarelaterte.

Dei ti hovudutfordringane som er samla i dokumentet «Vestland. Utfordringar for fylket og regionane», er

  • klimaomstilling
  • balansert areal- og naturressursbruk
  • gode transportsamband og smart mobilitet
  • grøn konkurransekraft
  • digitalisering av samfunnet
  • relevant kompetanse og kunnskap
  • attraktive stadar og gode nærmiljø
  • eit fornyande profesjonelt og frivillig kulturliv
  • likeverdig samfunn
  • ungdom – trivsel og tilhøyrsel

Klima gjennomgåande tema

Dei fem første kan på ulikt vis knytast til klima, både direkte, men også indirekte ved behov for omstilling, særleg i næringslivet og transportsektoren. Å elektrifisere sistnemnde er alt no eit satsingsområde i Vestland. I tillegg er hydrogenprosjektet som Sogn og Fjordane fylkeskommune har gjennomført, ei viktig satsing.

Klimaendringane er ifølgje utfordringsdokumentet venta å føre til ein gjennomsnittleg temperaturauke på fire grader i Vestland frå 1971–2000 til 2071–2100. Årsnedbøren er venta å auke med kring 15 prosent.

– Klima er ei av dei verkeleg store utfordringane vi har, såleis også for Vestland fylkeskommune. Vi held til i den landsdelen som er mest råka av ekstremvêr, og klimaendringane vil føre til endå fleire og større regnflaumar og jord-, flaum- og sørpeskred. Vi såg det sist i Jølster, og vi kjem til å sjå det framover. Difor må kommunane og fylkeskommunen – saman med staten – bu oss for dette og sørgje for at vi er best mogleg rusta til å handtere det i framtida, seier fylkesordførarane Jenny Følling og Anne Gine Hestetun.

Ungdom eit kjerneområde

Dei ti utfordringane, er resultat av at fellesnemnda for Nye Vestland fylke fekk i oppdrag å kartleggje utfordringar det nye fylket står overfor. Planavdelingane i dagens to fylke gjekk breitt ut, og i tillegg til å nytte statistikk og analyse, vart det arrangert både dialogmøte og sendt ut spørjeundersøkingar i vinter og vår.

Mange innspel kom frå, og mange innspel handla om ungdom. Det handlar om korleis vi kan gjere fylket meir attraktivt, slik at ungdom vel å busetje seg i Vestland. Det handlar om arbeidsplassar, attraktive stadar, gode nærmiljø – og ikkje minst eit godt kollektivtilbod. Både fysisk og digital infrastruktur er eit kritisk område i eit det nye og store Vestland fylke

– Det var særleg gledeleg at såpass mange ungdomar deltok og kom med innspel på dialogmøta våre. Dei skal vi lytte til, det er dei som skal overta og forvalte Vestland i framtida, seier dei to fylkesordførarane.

Både frivillig og profesjonelt kulturliv viktig

Kulturlivet – både det profesjonelle og det frivillige – var tema på alle dialogmøta og i spørjeundersøkinga som vart sendt ut. Å sikre eit fornyande profesjonelt og frivillig kulturliv kom dermed inn på topp ti utfordringane for Vestland. Kulturtilbod er viktig, men kultur spelar òg ei viktig rolle for integrering, nyskaping, ytringsfridom og for å skape møteplassar i samfunnet.

– Eit framsynt kulturliv kan vere med å dra heile samfunnet vidare og setje i gang endringar. Dugnad og frivillige er ein viktig del av kultur- og idrettslivet i Vestland i dag, og det må vi ta med oss vidare. Samspel mellom profesjonelle og frivillige kan vere ei god oppskrift på suksess, seier Hestetun og Følling.

Utfordringsdokumentet blir viktig bakgrunnsmateriale for arbeidet med regional planstrategi for det nye fylket. Det er ein utviklingsplan for fylket i perioden 2020–2024 og skal vere førande for alle planar i Vestland og forankra i fylkestinget.

Les heile rapporten: Vestland – Utfordringar for fylket og for regionane

Last ned rapporten som pdf her.

For meir informasjon

Jenny Følling
fylkesordførar i Sogn og Fjordane
jenny.folling@sfj.no
479 05 990

Anne Gine Hestetun
fylkesordførar i Hordaland
fylkesordforar@sfj.no
995 64 643

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Plansjef

Plansjef Synnøve Stalheim portrett

Synnøve Stalheim

Synnove.Stalheim@sfj.no
57 63 81 13
478 97 260

Tilsette