bz 7rnsel 5a
bz 7rnsel 5a

Illustrasjonsfoto: Mari Wøien Håland

Kjøp elsykkel med støtte frå fylkeskommunen

No kan både privatpersonar, verksemder og kommunar i fylket søkje fylkeskommunen om støtte til kjøp av elsykkel.

– Vi har sett av 200 000 kroner til dette føremålet, og håpar så mange som mogleg blir med og reduserer bilbruken ved å kjøpe seg ein elsykkel. Vi kjem til å prioritere tilskot til kjøp av elektriske laste-, transport- og passasjersyklar, men folk kan også søkje støtte til kjøp av vanlege elsyklar, fortel klimakoordinator i fylkeskommunen, Ida-Beate Mølmesdal.

Fylkeskommunen gir tilskot på opp til 50 prosent av det sykkelen kostar, men maksimalt 5000 kroner per vanlege elsykkel. Ved kjøp av laste-, transport- eller passasjersykkel er maksimalt tilskot 10 000 kroner.

Fristen for å søkje om tilskot er 15. april 2019.

Les meir om ordninga og søk om støtte til kjøp av elsykkel her.

For meir informasjon

Ida-Beate Mølmesdal
klimakoordinator
ida-beate.molmesdal@sfj.no
476 04 557

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut