17 unge menneske oppstilt for fotografi
17 unge menneske oppstilt for fotografi

Trivselssentralen SB frå Sogndal. Foto: Trivselssentralen SB

Kjempar om entreprenørpris

Denne månaden kan studentar frå Sogndal bli kåra til beste studentbedrift i landet. 

I mars vart aDABt UB ved Flora vgs valt ut som fylkets beste ungdomsbedrift, før dei så stakk av med førstepris for beste forretningsplan i NM for ungdomsbedrifter. No er det studentbedriftane som skal konkurrere.

Ei kjøkkenkran som sparar vatn, sjølvdesigna hesteutstyr og eit banebrytande verktøy for å forenkle elektrikarane sitt arbeid. Det er blant ideane studentbedrifta Trivselssentralen SB i Sogndal skal konkurrere mot under NM for studentbedrifter 8.-9. juni.

– Vi gler oss til å presentere Trivselssentralen, og til å snakke om vårt arbeid med menneske, solidaritet og samhold, seier Johanne Heien, dagleg leiar i Trivselssentralen SB.

NM for studentbedrifter er eit årleg arrangement i regi av Ungt Entreprenørskap. 24 studentbedrifter frå heile landet skal i to dagar vise seg fram for dommare og publikum på Næringslivets Hus (NHO) i Oslo. Program og meir informasjon om NM for studentbedrifter.

Etterspurd erfaring

–  Dei som har jobba med studentbedrift har store fortrinn. Dei har fått erfaring med verdiskaping og fått prøve seg i den verkelege verda. Kompetansen frå studentbedrift kjem ikkje berre til nytte for dei som vel å bli gründere. Innovatørar treng ein overalt - både i etablerte bedrifter og ikkje minst i det offentlege, seier Holger Aasen, dagleg leiar i Ungt Entreprenørskap Sogn og Fjordane.

– Eg vil utfordre leiarane i universitets- og høgskulesektoren til å ta ein meir aktiv og offensive rolle i ei tid då samfunnsutfordringane står i kø. Utfordringane i dag og i framtida løyser ein ikkje med kompetanse frå fortida, seier Jan Henrik Nygård, styreleiar i Ungt Entreprenørskap Sogn og Fjordane.

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Endre Høgalmen

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur
Endre.Hogalmen@sfj.no
952 07 789

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00