Katrine Røkke Wilson vert ny innkjøpssjef i fylkeskommunen

Katrine Røkke Wilson er tilsett som ny innkjøpssjef i Sogn og Fjordane fylkeskommune frå 1. april 2014. Ho har fram til no vore prosjektleiar i fylkeskommunen og har arbeidd med innføring av ehandel i både kommunane og fylkeskommunen.

Katrine gler seg til å arbeide vidare med både innkjøpstenesta i fylkeskommunen og med innkjøpssamarbeidet Sogn og Fjordane Felles Innkjøp. Ehandelsprosjektet vil framleis vere ei hjartesak.

Tidlegare har ho jobba i AF Gruppen i Oslo, særleg med system for dokumentstyring, heimesider og HMT- og kvalitetsoppfølging. Ho er utdanna lektor i historie og engelsk, og har også undervist eitt år i Ålesund.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut