Foto frå skianlegget på Jølster. Biletet er teke i skumringa frå litt oppe i bakken. Til venstre i biletet ser vi ein liten gut med slalåmski, blå jakke, svart bukse og hjelm. Til høgre står ein vaksen mann med svart jakke og oransje bukse.
Foto frå skianlegget på Jølster. Biletet er teke i skumringa frå litt oppe i bakken. Til venstre i biletet ser vi ein liten gut med slalåmski, blå jakke, svart bukse og hjelm. Til høgre står ein vaksen mann med svart jakke og oransje bukse.

Jølster skianlegg er eitt av dei fire som no skal kartleggjast. (Foto: Tone Lin Støfring Skovro)

Kartlegg tilgjenge i fire skianlegg

Fylkeskommunen skal no undersøkje kor tilgjengelege skianlegga i Luster, Sogndal, på Eid og Jølster er for personar med funksjonsnedsetting.

Sogn og Fjordane fylkeskommune har fått pengar frå Kartverket for å gjennomføre denne kartlegginga. Bakgrunnen for arbeidet er visjonen i den regionale planen for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv – nemleg fysisk aktivitet for alle.

Parkering og tilkomst

Kartlegginga tek føre seg blant anna

  • om det er oppmerka handikap-parkeringsplassar nær skiheis og varmestove
  • om det er tilkomst inn i bygget for rullestol
  • kva breidde er det for påstiging i heisen
  • korleis avstigingspunktet er lagt til rette for til dømes sit ski-utstyr

– Dette er viktig for at alle skal kjenne seg tekne i vare i anlegga. Dersom utforminga av anlegga ikkje svarer til krav til universell utforming, vil det bli gitt ein merknad i rapporten med ønske om utbetring av dette, seier prosjektleiar Jo Tore Kristoffersen.  

Einaste i landet

Målet til fylkeskommunen er at skianlegga i fylket skal tilfredstille behova til alle brukarar – den tradisjonelle skituristen og både funksjonsfriske alpinutøvarar og alpinutøvarar med nedsett funksjonsevne.

– Vi er glad for at fylkeskommunen har fått statleg støtte til dette kartleggingsarbeidet, og ser på det som eit viktig arbeid for å gjere anlegg for fysisk aktivitet tilgjengelege for alle, seier Erlend Haugen Herstad, leiar i fylkesrådet for menneske med nedsett funksjonsevne.

Han trur kartleggingsarbeidet vil vere eit verkemiddel til at alle skianlegga i fylket ser nærare på tilgjenge for menneske som treng tilrettelegging for å kunne delta.

Sogn og Fjordane er den einaste fylkeskommunen i landet som utfører denne typen kartlegging. Desse fire skianlegga er prioriterte fordi dei er godkjende til å søkje om spelemidlar, noko som krev ein høgdeskilnad på 100 meter.

Kartlegginga av tilgjenge i skianlegg er del to av kartlegginga av universell utforming og tilgjenge i friluftsområde.

For meir informasjon

Jo Tore Kristoffersen
jo.tore.kristoffersen@sfj.no
415 68 944

Atle Skrede
atle.skrede@sfj.no
415 30 716

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Ingebjørg Erikstad 

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur

ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00