Karrieremesse i Bergen 14. oktober

Tysdag 14. oktober stiller Sogn og Fjordane fylkeskommune på stand i Grieghallen for å vise studentane kva fylket har å by på.

Karrieredagen 2014 er Vestlandets største karrieredag, og går av stabelen i Grieghallen. Arrangementet trekkjer fleire tusen studentar frå ulike utdanningsinstitusjonar i Bergen for å snakke med drømmeverksemda eller høyre på spanande føredrag. Over 90 bedrifter frå ulike delar av næringslivet står på stand, og ein av desse er Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Mykje å by på

– For oss er det viktig at vi kan tilby meir enn fin natur, sjølv om det òg er viktig. Vi er eit fylke med mange jobbmoglegheiter, til dømes i industrien, seier Jan Erik Weinbach frå fylkeskommunen.

Fylkeskommunen er ikkje einaste verksemda frå Sogn og Fjordane som vil vise seg frå på karrieremessa. Framtidsfylket vil òg vere tilstades, og vil dele stand med fylkeskommunen.

Fekk traineestilling etter karrieremesse

Birte Tuxen Bø er trainee i Sogn og Fjordane fylkeskommune gjennom Framtidsfylket . Ho vart kjent med Framtidsfylket gjennom karrieremessa dei arrangerte i vinter.

– Karrieremesser er ein unik møteplass for å bli betre kjent med bedriftene, og for bedriftene å bli kjent med deg. Eg trur òg at det er lurt å vise seg fram sjølv om ein kanskje ikkje er på jobbjakt heilt endå.

– Utfordrande, variert og spanande

Bø var ferdig med ein master i økonomi og administrasjon frå NHH i vår, og byrja som trainee den 20. august.

– Hittil har det vore kjempekjekt. Eg har fått utfordrande, varierte og spanande oppgåver og har fått eit nytt og stort kontaktnettverk på tvers av faga. Å starte karriera si gjennom ei traineeordning kan eg anbefale på det sterkaste, avsluttar ho.

Leir meir om karrieremessa og finn program for dagen her.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Endre Høgalmen

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur
Endre.Hogalmen@sfj.no
952 07 789

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00