Karriere Sogn og Fjordane er offisielt opna

Fylkesordførar Åshild Kjelsnes stod for den offisielle opninga av den nye karriererettleiingstenesta i fylket denne veka. Og Kjelsnes meiner den nye tenesta til innbyggjarane i Sogn og Fjordane har fått eit svært godt namn.

– Karriere Sogn og Fjordane er eit fantastisk positivt lada omgrep. Det er innbydande, og gjer meg nysgjerrig på kva moglegheiter som finst i ei slik teneste og på ei slik nettside. Eg håpar mange vil bli trigga av namnet og nytte tenesta, sa fylkesordføraren.

Opninga var i Førde, i samband med at eitt av dei fire karrierekontora flytta inn i nye lokale i Førde rådhus. Samstundes vart også den nye nettsida www.karrieresfj.no lansert.

Gratis tilbod

Karriere Sogn og Fjordane er eit heilt nytt tilbod til innbyggjarane i Sogn og Fjordane. Folk kan søkje gratis råd hjå karrieresentra om dei treng eller ynskjer ei ny utdanning. Det kan vere på grunn av omskiftingar i arbeidslivet, helsemessige årsaker, eller rett og slett fordi dei vil prøve noko nytt.

Fylkesordføraren la vekt på at eit omskriftande arbeidsliv og omstillingar av ulike slag gjer at dette er eit viktig tilbod.

– Det er ikkje lenger slik at du har ein stabil arbeidsplass, eller for den saks skuld eit yrke, gjennom heile livet. No må vi hive oss rundt, vere villige til å omstille oss, tenke nye karrierevegar og nye moglegheiter. Det er dagens og morgondagens arbeidsliv. I tillegg er det mange som har lang arbeidspraksis, men ikkje formell utdanning, sa Kjelsnes.

Viktig partnarskapssamarbeid

Dei som søkjer råd hjå Karriere Sogn og Fjordane, kan også vere menneske som ikkje tidlegare har teke utdanning. Mange har lang praksis og god realkompetanse, men inga formell utdanning i yrket sitt. Dei kan då få formalisert kompetansen sin.

Tenesta er eit samarbeid mellom Sogn og Fjordane fylkeskommune, NAV, og kommunane i Nordfjord og HAFS-regionen. Og fylkesordføraren la vekt på kor viktig nettopp dette partnarskapsarbeidet er.

– Det at Karriere Sogn og Fjordane er eit partnarskapssamarbeid, er typisk for oss i Sogn og Fjordane. Vi trur det er slik alle plassar, men det er det ikkje. Vi er heilt i front når det gjeld partnarskap og nettverksarbeid. Det er ein av styrkane våre, og det har stor overføringsverdi til andre deler av landet, slo ho fast.

Ny heimeside og fire kontorstadar

Den nye nettsida til Karriere Sogn og Fjordane inneheld mykje nyttig informasjon om utdanning og yrkesval, alt samla på ein stad. Målet er å gjere det enklare for både enkeltpersonar og samarbeidspartnarar å finne fram i dette komplekse og omskiftelege feltet.

Karriere Sogn og Fjordane har kontorstad fire stader i fylket: Dale (Karriere HAFS), Førde (Karriere Sunnfjord), Nordfjordeid (Karriere Nordfjord) og Sogndal (Karriere Sogn). Karriererettleiarane på dei ulike kontora vil også vere mobile og møte innbyggjarane der dei bur.

Heimesida til Karriere Sogn og Fjordane.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Endre Høgalmen

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur
Endre.Hogalmen@sfj.no
952 07 789

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00