Utandørs foto av Stryn vidaregåande skule, elevar sit på benkar foran skulen, blå himmel, grønt gras.
Utandørs foto av Stryn vidaregåande skule, elevar sit på benkar foran skulen, blå himmel, grønt gras.

Foto: Sogn og Fjordane fylkeskommune

Justert VGS-tilbod

Fylkestinget vedtok 19. april justeringar av utlyst opplæringstilbod i vidaregåande skule skuleåret 2016-17.

I tilrådinga frå hovudutval for opplæring til justert tilbod var det ei auke på grupper samanlikna med det opphavleg utlyste tilbodet. Fylkesutvalet tilrådde ei ytterlegare auke. Sidan ein går ut over dei opphavlege økonomiske rammene vart saka handsama i fylkestinget.

Fylkestinget  vedtok justeringar i seks punkt. Utover endringane tilrådd av hovudutval for opplæring vedtok fylkestinget å auke opplæringstilbodet med to grupper: Vg2 studiespesialering ved Hafstad vidaregåande skule og Vg2 byggteknikk ved Måløy vidaregåande skule.

Det utlyste tilbodet ved Sogndal vidaregåande skule vert endra slik:

  • Vidaregåande trinn 1 bygg - og anleggsteknikk vert auka med to grupper

  • Vidaregåande trinn 1 service og samferdsel vert a uka med ei gruppe

  • Vidaregåande trinn 2 elenergi vert auka med ei gruppe

  • Vidaregåande trinn 2 klima - , energi og miljøteknikk vert ikkje sett i gang

  • Vidaregåande trinn 2 kokk og servitør vert ikkje sett i gang

Det utlyste tilbodet ved Dale vidaregåande skule vert endra slik:

  • Vidaregåande trinn 2 maritim produksjonsteknikk vert ikkje sett i gang

  • Vidaregåande trinn 2 industriteknologi vert auka med ei halv gruppe

  • Vidaregåande trinn 2 helsearbeidarfag vert ikkje sett i gang

Det utlyste tilbodet ved Hafstad vidaregåande skule vert endra slik:

  • Vidaregåande trinn 1 studiespesialisering vert auka frå 3 til 4 grupper

Det utlyste tilbodet ved Mo og Øyrane vidaregåande skule vert endra slik:

  • Vidaregåande trinn 1 bygg - og anleggsteknikk vert auka med ei gruppe

  • Vidaregåande trinn 1 elektrofag vert auka med ei gruppe

  • Vidaregåande trinn 2 anleggsteknikk vert auka med ei gruppe

  • Vidaregåande trinn 2 industriteknologi vert auka med ei gruppe

Det utlyste tilbodet ved Stryn vidaregåande skule vert endra slik:

  • Vidaregåande trinn 1 bygg - og anleggsteknikk vert redusert med ei gruppe

 

Vidare punkt i vedtaket:

2. Det vert sett av ein grupperessurs til oppretting av ei ekstra gruppe ved behov i samband med inntaket. Fylkesrådmannen får mynde til å disponere grupperessursen i samband med inntaket. Fylkestinget vedtek i tillegg følgjande auke i opplæringstilbodet:

  • Vidaregåande trinn 2 studiespesialisering ved Hafstad vidaregåande skule vert auka med ei gruppe

  • Vidaregåande trinn 2 byggteknikk ved Måløy vidaregåande skule vert auka med ei gruppe

3. Den alt tildelte auken i budsjettet for opplæringssektoren på 3,0 mill. kr i 2016 vert nytta til å delfinansiere auken på 7 grupper hausten 2016. Tilleggsbehovet på 1,274 mill. kr utover dette vert finansiert innan ramma for opplæringssektoren. Finansieringa vert å kome tilbake til i tertialrapport 1/16.

4. Finansiering av auken på 7 grupper våren 2017 vert å ta stilling til i samband med budsjett- og økonomiplanarbeidet for 2017.

5. Tilboda som ikkje vert tilrådd sette i gang for skuleåret 2016-17 skal vurderast i sak om opplæringstilbodet for skuleåret 2017-18

 

Saksframlegg og møteprotokoll for møtet i fylkestinget 19. april

For meir informasjon

Jenny Følling
fylkesordførar
jenny.folling@sfj.no 
479 05 990

Bekka Skaasheim
fylkesdirektør for opplæring
bekka.skaasheim@sfj.no
415 30 956

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Fylkesdirektør

Bekka Skaasheim, fylkesdirektør for opplæring, passbilete

Bekka Skaasheim

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00