Siv Liset står i foajeen til Kystmuseet i Florø og fortel om korleis det var å vere elev og lærar då det var jul i skulehuset.

Jul i skulehuset

Onsdag 07.12.07 arrangerte prosjektet "Lev vel", Flora historielag og Sogn og Fjordane fylkeskommune den tredje forteljarkafeen på Kystmuseet i Florø. 

  1 / 8 
 
Jorunn Bakke Nydal står i foajeen på Kystmuseet i Florø og ønsker velkomen til forteljarkafeen om jul i skulehuset. 
Jorunn Bakke Nydal står i foajeen på Kystmuseet i Florø og ønsker velkomen til forteljarkafeen om jul i skulehuset.
 
Skuletid under krigen og julepynt

Dette var den tredje og siste forteljarkafeen dette året. Kafeen var særs vellukka og det var mange som deltok.

Siv Liset og Jostein Midtbø fortalde om jul i skulehuset. Dei har begge jobba som lærarar og fortalde i tillegg frå si eiga tid som skuleborn. Siv Liset var elev under krigen og opplevde å flykte og å måtte skifte skule på den tida. Jostein Midtbø fortalde om adventsstaken dei laga på skulen og viste fram julepynt som han pleidde å lage med elevane sine på skulen.

Publikum supplerte Siv og Jostein med eigne forteljingar. Juletida i skulen er ei tid mange har gode minner frå. 

Julesong og julebrød

Koret Songglede var med og song fleire julesangar på denne kafeen. Ruth Giil og Jostein Midtbø song for forsamlinga og Jorunn Bakke Nydal spelte piano. Dei tilsette på Kystmuseet hadde pynta til jul og serverte nysteikt julebrød med rosiner og appelsin. 

For meir informasjon

Jorunn Bakke Nydal 
913 44 734
jorunn.bakke.nydal@sfj.no

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

Ingebjørg Erikstad 

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur

ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00