Jubileumsførestilling med Dans utan grenser

Dans utan grenser-gruppene i Sogn og Fjordane har gått saman og laga danseshowet «På eigne bein» i samband med fylkesjubileet. No får Fjaler, Sogndal, Førde og Florø besøk av dei unge dansarane.

Dans utan grenser har dei siste ti åra verkeleg etablert seg i Sogn og Fjordane. Metoden for danseopplæringa er at ei gruppe ungdomar blir opplærde som instruktørar. Vidare dannar kvar av dei nye grupper av barn og unge, som lærer å danse og øver inn eit program. Instruktørgruppa dannar sjølv ei dansegruppe, og det er denne som no har laga danseshowet «På eigne bein» i samband med 250-årsjubileet for Sogn og Fjordane fylke.

Dans utan grenser har fått fram mange dansetalent, enkelte har gått vidare og blitt profesjonelle dansarar, og andre har også blitt koreografar.

Difor kan Dans utan grenser no med rette seie at dei står på eigne bein. Publikum kan vente seg eit forrykande danseshow med mange danseuttrykk innanfor ulike sjangrar. Koreografien er laga av Adriana Hoti frå Førde, Elisabeth Bustos frå Fjaler, Mikael Rønne frå Oslo og Dag Rune Sjøli, Kjersti Marie Næss og Renate Fredheim frå Luster.

Turnéoppsettet for jubileumsførestillinga

Fjalerhallen: laurdag 16. november kl. 15.30. Billettsal på staden.
Sogndal Kulturhus: søndag 17. november kl. 15.00 og 18.00. Billettsal: 57 62 96 00.
Flora Samfunnshus: laurdag 23. november kl. 18.00. Billettsal: 57 75 60 00.
Førdehuset: søndag 24. november kl. 16:00. Billettsal: 57 72 19 00.

Prisar

Vaksne: 150 kr + lokal billettavgift
Born/ungdom opp til 18 år: 70 kr + lokal billettavgift

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Ingebjørg Erikstad 

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur

ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00