Karrieremesse med mange bedriftstands i Grieghallen, Bergen
Karrieremesse med mange bedriftstands i Grieghallen, Bergen

Foto: Framtidsfylket

Jubilerande karrieremesse

For tiande året kan bedrifter i fylket vise seg fram for potensielle arbeidstakarar gjennom karrieremessene til Framtidsfylket.

I 2016 arrangerer Framtidsfylket igjen karrieremesser i Bergen, Oslo og Trondheim, der lokalt næringsliv kan vise fram at Sogn og Fjordane har karrieremoglegheiter for alle. Det gjer dei på tiande året. I 2007 starta dei med 25 stands. I 2015 var 80 bedrifter spreidd over to etasjar i Grieghallen med 600 besøkande.

Fylkeskommunen er ein av eigarane i Framtidsfylket.  

– Vi er faktisk det einaste fylket som har ei slik messe, seier dagleg leiar i Framtidsfylket Gro Rukan i ei pressemelding.

Veks

I starten var messene retta mot ingeniør- og teknologimiljøa, men etter å ha vorte opna for alle kan dei no vise fram mangfaldet av moglegheiter i fylket.

– Vi er opptekne av at Sogn og Fjordane har karrieremulegheiter for alle, anten du kjem frå fylket eller ei, seier Rukan.

Karrieremesser 2016

  • Trondheim 28. januar

  • Oslo 4. februar

  • Bergen 10. februar

 

Meld bedrifta på her.

 

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Endre Høgalmen

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur
Endre.Hogalmen@sfj.no
952 07 789

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00