ysy 8nfbh 43

Foto: Magnar Egil Øren Gangsø

Jølster: Fjellro

Dagsturhytta i Jølster heiter Fjellro, og ligg på Hjellasva, litt over halvvegs på stien mellom Skei og Fygladalen. Hytta ligg med fantastisk utsikt over Jølstravatnet, om lag 30-60 min gange opp frå rundkøyringa på Skei.

Tilkomst og parkering

Parker ved Thon Hotel Jølster eller finn ein annan ledig plass i sentrumsområdet. Du kan og parkere ved Skei skule om du vil gå derifrå. Viss ein kjem med buss kan ein gå av ved hotellet, eller ved Esso Skei.

Stien til hytta

Det er merka to stiar opp til hytta.

  • Den eine går opp frå vegen som ligg like ved rundkøyringa på Skei (retning Førde). Der går ein grusveg opp og gjennom eit tun. Ta til venstre etter du har passert siste huset og følg merka sti/veg.
  • Den andre stien som er merka går opp frå Jølster Panorama (tidlegare Haugen Camping)

Avstandar

Det tek om lag 30-60 minutt å gå opp frå sentrum på Skei, alt etter kva tempo ein går i. 

Kontaktinformasjon 

Anne Grete Nøttingnes Rognsøy, Jølster kommune. 

E-post: anne.grete.nottingnes.rognsoy@jolster.kommune.no

Fjellro på Facebook

Kart 

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut