Jakta på kandidatar til Frivilligprisen 2012 er i gang

Frivilligprisen vert delt ut på TV2 God Morgen Norge 5. desember – FN sin internasjonale dag for frivillig innsats. Prisen kan gå til ein person, ei foreining eller gruppe som har utmerkt seg. Fristen for å nominere kandidatar er 15. september.

Frivillighet Norge deler kvart år ut Frivilligprisen. Prisen er meint å gje frivilligheit eit ansikt. Han skal markere og synleggjere frivillige og frivillig innsats og fremje frivillig engasjement.

Prisen går til ein initiativrik person, ei lokal foreining eller gruppe. Denne må ha utmerkt seg med frivillig innsats, engasjement og pågangsmot til beste for den enkelte og samfunnet. Halvparten av innbyggjarane i Noreg deltek i frivillig arbeid kvart år, så det skulle vere nok av kandidatar til prisen.

I fjor fekk Norsk Folkehjelp Hadeland Frivilligprisen. «Vinnaren er ei gruppe kvardagsheltar. Dei har stått fram som heltar i ein ekstrem situasjon og vunne respekten til ein heil nasjon», sa juryen i grunngjevinga den gong.

Alle kommunar vert oppmoda om å nominere ein kandidat til Frivilligprisen. Foreiningar, frivilligheitssentralar og enkeltpersonar er også hjerteleg velkomne til å sende inn nominasjonar.

Kandidatar kan nominerast gjennom nettsida www.frivillighetprisen.no eller ved å sende forslaget til
Frivillighet Norge
Rådgiver Tor Abild
St. Olavs gate 25
0166 Oslo

Alle fylke vert deretter bedt om å velje ut ein kandidat til den nasjonale juryen, som vert leia av styreleiar i Frivillighet Norge, Helen Bjørnøy.

Meir informasjon på www.frivillighetprisen.no og på nettsidene til Frivillighet Norge.

Spørsmål kan rettast til Tor Abild på tlf. 21 56 76 55 eller tor@frivillighetnorge.no.

Del dette:

Relaterte lenker