Bilete som syner avstemminga i fylkestinget om regionreforma. Vedtaket vart gjort mot 12 røyster, og vi ser at dei 12 som røysta mot har handa oppe.
Bilete som syner avstemminga i fylkestinget om regionreforma. Vedtaket vart gjort mot 12 røyster, og vi ser at dei 12 som røysta mot har handa oppe.

Ja til Vestlandsregionen

Eit fleirtal i fylkestinget sa 7. desember ja til at Sogn og Fjordane skal gå saman med Hordaland og Rogaland og danne Vestlandsregionen.

19 av representantane i fylkestinget – representantane frå Ap, Høgre, KrF, Venstre og FrP – stemde for Vestlandsregionen. Representantane frå Sp, SV og Miljøpartiet Dei Grøne stemde mot.

Dei fleste kommunane er positive

Fleirtalet legg til grunn at eit fleirtal i Stortinget tidlegare i år har sagt at tal folkevalde regionar skal reduserast vesentleg. I vedtaket legg dei også vekt på at dei fleste av kommunane som sende inn høyringssvar til intensjonsplanen, er positive til samanslåing. 16 av kommunane seier ja til Vestlandsregionen, ni seier nei, ein har ikkje levert høyringsfråsegn.

Fleirtalet strekar også under at det er heilt uakseptabelt å dele dagens Sogn og Fjordane i ulike regionar.

Nye oppgåver, desentralisering og nynorsk

Fylkestinget legg intensjonsplanen frå 15. september til grunn for samanslåing – med ein del presiseringar. Ein viktig føresetnad er at sentrale myndigheiter følgjer opp kravet om oppgåver både når det gjeld eksisterande og nye oppgåver.

Ei anna presisering går på at den framtidige administrasjons- og tenestestrukturen må byggje på desentralisering, maktspreiing og prinsippet om å ta heile regionen i bruk. Fylkestinget føreset også at Vestlandsregionen skal ha nynorsk som administrasjonsspråk, og at regionen gjer vedtak om at staten brukar nynorsk til regionen.

Vegen vidare

Fylkestinga i Hordaland og Rogaland handsamar intensjonsplanen for samanslåing neste veke. Om det vert to positive vedtak der, søkjer dei tre fylkestinga Stortinget om samanslåing. Fylkeskommunane kjem då til å førebu gjennomføring i perioden 2017–2020.

Dersom dei to andre ikkje går for Vestlandsregionen, vil fylkestinget at Sogn og Fjordane startar og gjennomfører ny dialog og forhandlingar om ei alternativ regionløysing. Fylkestinget opnar då opp for å invitere også Møre og Romsdal inn i forhandlingar om ei ny løysing.

Fylkestinget sitt vedtak i sak 52/2016 "Regionreforma og Sogn og Fjordane fylkeskommune"

Melding om vedtak i saka "Regionreforma og Sogn og Fjordane fylkeskommune" til Hordaland -, Rogaland -, og Møre og Romsdal fylkeskommune

For meir informasjon

Jenny Følling
fylkesordførar
jenny.folling@sfj.no
479 05 990

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontaktinfo

Jenny Følling
fylkesordførar
jenny.folling@sfj.no
479 05 990

Åshild Kjelsnes
fylkesvaraordførar
ashild.kjelsnes@sfj.no
918 88 568

Kristin Rundsveen
rådgjevar for fylkesordføraren
kristin.rundsveen@sfj.no
908 90 713