Ja til ferjefri og opprusta E39

Vestlandsrådet, med leiar Åshild Kjelsnes i spissen, kom 11. oktober 2013 med ein uttale om framtida til E39. Rådet seier eit rungande ja til både opprusting og ei ferjefri framtid.

Eg registrerer at Norsk Sjømannsforbund har tinga ein rapport frå Transportøkonomisk institutt (TØI) om lønsemda knytt til å realisere ei ferjefri E39 mellom Stavanger og Trondheim. Og rapporten, som vart presentert i media i dag, viser at dei har fått det som dei ville.

Sjømannsforbundet er sjølvsagt opptekne av dei planlagde ferjeavløysingsprosjekta, og det er fire av desse TØI har funne «svært ulønsame». Alle desse ligg nord for Bergen. Det einaste prosjektet TØI faktisk finn lønsamt er Rogfast (Boknafjorden) i Rogaland.

Det er etter kvart skrive mange rapporter som vurderer effekten av eit ferjefritt E39, og siste i rekkja er altså rapporten frå TØI.

Som leiar i Vestlandsrådet oppfattar eg det slik at ein stadig diskuterer korleis ein skal måle samfunnsøkonomisk lønsemd i transportsektoren. Inntrykket mitt er at ein i Finansdepartementet enno ikkje har konkludert på dette området.

Den store utfordringa er å kunne føresjå kva nytteeffektar slike samband vil ha. Det er ingen tvil om at dette er vanskeleg, for her snakkar vi om regional utvikling, verdiskaping, næringsliv, arbeids- og busettingsmønster og eksportverdiar mange 10-år fram i tid. Dei fleste vil vere einig i at dette er vanskeleg og at det her ikkje finst nokon opplagt fasit.

Vi er no likevel i ein situasjon der vi, som har drive fram dette prosjektet, er svært nøgde med at ein samla Stortingskomite går for at prosjektet skal realiserast. På same måte som Intercity-løysinga austpå skal kome. Også her ligg det, slik samferdsleminister Marit Arnstad i dag hevdar, analysar som konkluderer med at delar av prosjektet er ulønsamt.

No må vi tore å satse. Frå Vestlandsrådet si side er vi svært glade for den massive støtta eit ferjefritt og opprusta E39 har fått i Stortinget. Korkje regjeringsskiftet eller den nye samansetjinga i Stortinget vil endre på dette.

Vestlandet er ein landsdel prega av sterk verdiskaping og vekst i eksportnæringane. Ein effektiv og ferjefri E 39 vil berre forsterke denne utviklinga og såleis kome heile Norge til gode.

Vestlandsrådet, 11. oktober 2013.

Åshild Kjelsnes
leiar

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut