Ivar Aasen og nynorskpolitikk for det 21. hundreåret

– Nynorsk er eit meir robust skriftspråk enn nokon gong, og den språklege toleransen i Noreg er større enn før. Det er eit godt utgangspunkt for å utvide bruksområdet for nynorsk, seier styreleiar Reidar Sandal i Nynorsk kultursentrum.

– Ivar Aasen tenkte store tankar og la grunnlaget for at Noreg blei eit språkpolitisk moderne land. 200-årsdagen hans bør brukast til å løfte blikket og vise ein framtidsretta språkpolitikk, seier Sandal.

Sogn og Fjordane fylkeskommune er med i rådet for Nynorsk kultursenter, som er stifta av 19 fylke, kommunar, utdanningsinstitusjonar, kulturinstitusjonar og organisasjonar. Sogn og Fjordane fylkeskommune vann prisen for Årets nynorskkommune 2012.

Erklæring i 21 punkt til 200-årsdagen for Ivar Aasen:

Nynorskpolitikk for det 21. hundreåret - 21 punkt om norsk språkpolitikk:

§ 1 Nynorsk, sjølvsagt, når som helst og kor som helst
§ 2 Hald oppe Noreg som ein stat med to jamstilte norske språk
§ 3 Ta vare på rikdomen språkleg mangfald
§ 4 Språk og demokrati skal framleis vere to sider av same sak
§ 5 Auk verdien av nynorsk
§ 6 Bruk prinsippet nynorsk konsekvent
§ 7 Gi Noreg fleire nynorskbrukarar
§ 8 Driv språkvern i praksis gjennom ei ny og utvida språklov
§ 9 Gi born og unge meir nærkontakt med nynorsk
§ 10 Gjer nynorsk til eit språk også for innvandrarar
§ 11 Styrk dei sterke nynorskområda
§ 12 Utvid den lokale offentlege språkpolitikken
§ 13 Hald oppe skulen som arena for språkleg jamstilling
§ 14 Bruk nynorsk i tenking og forsking
§ 15 Større breidd i nynorsk dikting og sakprosa
§ 16 Meir nynorsk i tv, radio og presse
§ 17 Gjer digitale tenester på nynorsk sjølvsagde
§ 18 Meir nynorsk i fritidsindustri, underhaldning og idrett
§ 19 Del den norske røynsla med andre
§ 20 La Språkåret 2013 vere året som aldri sluttar
§ 21 Dialog med mange land og kulturar

Pressemelding frå Nynorsk kultursentrum
Erklæring: Nynorskpolitikk for det 21. hundreåret - 21 punkt om norsk språkpolitikk

Meir informasjon

Styreleiar Reidar Sandal, Nynorsk kultursentrum, tlf: 916 28 387 (på reise i USA)
Leiar Marit Aakre Tennø, Noregs Mållag, tlf: 454 71 716
Kommunikasjonsrådgivar Laila Walseth Lid, tlf: 70 04 75 82 eller 958 70 569

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut