Frå produksjonen Verken fugl eller fisk – i eit hav av plast, Den kulturelle skulesekken. Vi ser skuleborn som leitar i plastbitar på eit bord.
Frå produksjonen Verken fugl eller fisk – i eit hav av plast, Den kulturelle skulesekken. Vi ser skuleborn som leitar i plastbitar på eit bord.

Verkstaden «Verken fugl eller fisk – i eit hav av plast» er ein av fleire DKS-produksjonar som vil bli presentert under konferansen. Foto: Prestgaard/Andersen

Inviterer til konferanse om kultur for barn og unge

Fylkeskommunen og Norsk kulturskuleråd Sogn og Fjordane inviterer til konferansen Felles barn, felles ansvar 20.– 21. september. Målgruppa alle som arbeider med kultur for, av og med barn og unge i kommunane.

Kulturskulane, UKM og Den kulturelle skulesekken (DKS) er tre offentlege ordningar som bidreg positivt i barn og unge sitt oppvekstmiljø. Under konferansen skal vi sjå på korleis vi kan løfte i lag og få til gode satsingar og prosjekt på tvers av ordningane.

Både KS og ordførarar frå kommunar i fylket skal få seie sitt om dette. I tillegg blir det presentasjon av prosjekt og satsingar i ulike kommunar.

Det blir også visning av produksjonar som skal på turné i DKS dette skuleåret, og eigne parallellar med tema som UKM Media, arrangering for samspelgrupper og lokalt læreplanarbeid.

Meir informasjon om konferansen og påmeldingsskjema finn du her: http://www.sfj.no/konferanse-felles-barn-felles-ansvar.415590.nn.html


Bandet Good Time Charlie. Fire menn i lyse dressar hoppar ned frå stablar med pallar i bakgrunnen.
Good Time Charlie sin produksjon «Frå New Orleans til Vestlandet» er ein av fleire DKS-produksjonar som vil blir presentert under konferansen. Foto: Oddleiv Apneseth

Del dette:

Kontakt

Eva Kristin Svidal
rådgjevar, næring- og kulturavdelinga
Eva.Kristin.Svidal@sfj.no
911 69 693

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Ingebjørg Erikstad 

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur

ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00