Inviterer til fagdag om offentlege innkjøp og miljøkriterium

Årleg vert det omsett for 400 milliardar kroner i offentlege innkjøp her i landet, noko som gjev det offentlege veldig stor makt i marknaden. – For at denne makta skal utnyttast best mogleg, inviterer Knutepunkt Sogn og Fjordane no til ein fagdag om dette, seier prosjektleiar Ylva T. Tyssing.

Det kan vere lett å gå seg vill i eit omfattande regelverk når ein skal ta omsyn til miljøperspektivet og samfunnsinnverknaden ved kvart einskild offentleg innkjøp. Knutepunkt Sogn og Fjordane ønskjer difor at alle som kjem i kontakt med offentlege innkjøp gjennom arbeidet sitt, vil delta på fagdagen om innkjøp og miljøkriterium.

– Vi håpar så mange som mogleg melder seg på dette, både tilsette med innkjøpsansvar, leiarar og politikarar. Det blir fokus på blant anna korleis ein skal forholde seg til miljø når det gjeld offentlege innkjøp, og korleis ein skal få til eit godt samarbeid med leverandørane, seier Ylva T. Tyssing, som er prosjektleiar for Knutepunkt Sogn og Fjordane.

Fagdagen med tema Offentlege innkjøp og miljøkriterium vert arrangert på Rica Sunnfjord Hotell i Førde 13. april, og fristen for å melde seg på er 1. april. Påmelding er avslutta. Det er gratis å delta på fagdagen.

Førebels program (dette kan verte endra):

09.30 - Kaffi og registrering
10.00 - Velkomen – kort om problemstillinga
10.15 - Korleis er innkjøpsprosessen og kvar i innkjøpsprosessen kan ein aktivt ta mijøomsyn/samfunnsansvar
12.00 - Lunsj – buffet med økologiske alternativ
13.00 - Miljøkrav – kva er det og korleis finne det
13.30 - Miljøleiing – kvifor må leiarar gå opp spor
14.00 - Ein leverandørs bekjennelse – kva erfaringar har leverandørar med det offentlege
15.00 - Innovasjon i offentleg sektor – innkjøp og samarbeid med næringslivet er ein viktig del av løysinga
15.45 - Avslutning - Knutepunkt Sogn og Fjordane – ein ven i nøden

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00