Foto av rådgjevar i fylkeskommunen Ingvild Andersen, som står og snakkar framfor ein stor skjerm på veggen. På skjermen visest nettsida til driftig.no med teksten Hei Gründer.
Foto av rådgjevar i fylkeskommunen Ingvild Andersen, som står og snakkar framfor ein stor skjerm på veggen. På skjermen visest nettsida til driftig.no med teksten Hei Gründer.

Ingvild Andersen er redaksjonssjef for driftig.no og ønskjer no næringslivet i fylket velkomne til å stemme fram kva kurs dei ønskjer seg i 2018. Foto: driftig.no

Inviterer næringslivet til å stemme fram kurs

Driftig.no gir no næringslivet i fylket sjansen til å bestemme kva kurs dei ønskjer seg i 2018. Kurset som får flest stemmer, blir arrangert gratis i løpet av året.

Driftig.no har tidlegare arrangert fleire kurs i ulike forretningsspesifikke emne, men har aldri oppnådd den påmeldinga dei ønskjer. 2018 er difor året for å prøve noko nytt.

– Vi vil ha med fleire av dei etablerte bedriftene i fylket, det er særleg dei vi har mangla tidlegare. Vi er sikre på at det er mange relevante tema, særleg når det gjeld overgangen til ein digital kvardag. Næringslivet kan stemme på fire ulike kurs, som alle er innanfor dette feltet, fortel Ingvild Andersen, som er rådgjevar i fylkeskommunen og redaksjonssjef for driftig.no.

Avstemminga går føre seg på Facebook-sida til driftig.no, og næringslivet kan velje mellom desse fire kursa:

  1. Korleis starte ein nettbutikk
  2. Korleis gjere ein nettstad kundevenleg
  3. Kurs i presentasjonsteknikk for bedrifter
  4. Korleis nytte sosiale media til marknadsføring

Les meir om avstemminga på driftig.no.

Driftig.no er ein informasjonskanal for gründerar, idéskaparar og entreprenørar i Sogn og Fjordane. Fylkeskommunen, Fylkesmannen og Innovasjon Norge samarbeider om nettstaden.

For meir informasjon

Ingvild Andersen
ingvild.andersen@sfj.no
57 63 80 39

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Endre Høgalmen

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur
Endre.Hogalmen@sfj.no
952 07 789

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00