Invitasjon til møte om offentlege innkjøp 9. november

Knutepunkt Sogn og Fjordane inviterer til møte om offentlege innkjøp. Dette vert eit felles møte for kommunane og andre offentlege oppdragsgjevarar samt for tilbydarar til det offentlege.

Hovudoppgåva til knutepunktet er å bidra til å gjere regionen sine innkjøp meir miljøvenlege. Det er også ei oppgåve å få auka kompetansen innanfor regelverket om offentlege innkjøp. Vi ønskjer difor å invitere dykk til møte 9. november 2010 på Statens hus, Leikanger.

For å vite kor mange som kjem, ønskjer vi påmelding innan fredag 5. november på e-post til siri.heggenes@sfj.no

Handlingsplan for miljø og samfunnsansvar i offentlige innkjøp” vart lagt fram av Regjeringa i juni 2007. I samband med handlingsplanen er det etablert eit knutepunkt i kvart fylke. Fylkeskommunen er knutepunktet i Sogn og Fjordane. Arbeidet er organisert som eit prosjekt, der fylkeskommunen si innkjøpsteneste er prosjektleiar. Prosjektansvarleg er Fylkesmannen i Sogn og Fjordane.

Det er lagt opp til to parallelle sesjonar med gjennomgang av regelverket mellom kl. 12.00-14.00.

Program

Kl. 10.00-10.30 Kaffi og småprat.
Kl. 10.30-10.45 Velkomst og presentasjon av knutepunktet ved Geir Svendsen – Fylkesmannen.
Kl. 10.50-11.30 Handlingsplan for miljø og samfunnsansvar ved Siri R. Heggenes – fylkeskommunen.
Kl. 11.30-12.00 Lunsj.
Kl. 12.00-14.00 Gjennomgang av regelverket (for kommunane/offentlege oppdragsgjevarar) ved Kjersti Døssland – fylkeskommunen.
Kl. 12.00-14.00 Gjennomgang av regelverket for tilbydarar til det offentlege ved Siri R. Heggenes – fylkeskommunen.
Kl. 14.00-14.30 Oppsummering ved Siri R. Heggenes – fylkeskommunen.

 

Del dette:

Relaterte lenker