Foto av Håkonshallen i Bergen.
Foto av Håkonshallen i Bergen.

Foto: Richard Mortel/Wikimedia CommonsFoto: Richard Mortel/Wikimedia Commons

Invitasjon til historisk markering for Vestland

15. oktober skal det aller første fylkestinget for Vestland fylke samlast til historisk markering i Håkonshallen. Ti plassar blir trekte ut til innbyggarar frå fylket.

– Markeringa av det første fylkestinget for Vestland er ei historisk hending, der representantar frå mellom anna regjering, stortinget, stat, kommunane, frivillige organisasjonar og kulturlivet skal delta. Men det er det heilt på sin plass at vi  òg får med representantar for innbyggjarane, seier Anne Gine Hestetun, leiar i fellesnemnda for Vestland og fylkesordførar i Hordaland.

Det er avgrensa med plass i Håkonshallen, men det er sett av ti plassar til innbyggjarane. For å fordele desse plassane, må alle som er interesserte i å delta, sende ein e-post med namn, folkeregistrert adresse og telefonnummer. Deretter vert dei ti plassane ved loddtrekning. Dei som vert trekte ut, får reisa til og frå Bergen dekka, så sant ein bur innanfor fylkesgrensene til nye Vestland.

– Dette vert ein kveld for historiebøkene. Difor håpar eg så mange som mogleg er interessert i å få dette med seg – og å representere alle dei 630 000 innbyggjarane i det nye storfylket, seier Hestetun.

Ønskjer du å delta sjølv, eller vil du nominere nokon andre? Då sender du ein e-post til NVLFK.postmottak@vlfk.no, og skriv «Håkonshallen» i emnefeltet. Fristen for å sende inn er onsdag 25. september.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontaktinfo

Jenny Følling
fylkesordførar
jenny.folling@sfj.no
479 05 990

Åshild Kjelsnes
fylkesvaraordførar
ashild.kjelsnes@sfj.no
918 88 568

Kristin Rundsveen
rådgjevar for fylkesordføraren
kristin.rundsveen@sfj.no
908 90 713