Internasjonalt blikk på utfordringar i Sogn og Fjordane

I samarbeid med Sogn og Fjordane fylkeskommune arrangerer Universitetet for miljø- og biovitenskap (UMB) sommarskule for internasjonale doktor- og mastergradstudentar. Som ein del av dette, skal studentane arbeide med ei rekke sentrale utfordringar for Sogn og Fjordane.

Sommarskulen vert halden på Universitetet for miljø- og biovitenskap på Ås og ved Sogndal folkehøgskule, og startar måndag 27. juni. Som avslutning på sommarskulen vert det halde ein større konferanse i Sogndal fredag 8. juli. Dei internasjonale studentane tek med seg erfaringar og kunnskap frå heimlanda sine, og dei vil arbeide med prosjektet gjennom dei to vekene skulen varer.

Føremålet med konferansen 8. juli er å presentere og diskutere foreløpige funn og få tilbakemeldingar frå lokale avgjerdstakarar og ekspertar. Konferansen er open for alle, og i etterkant vert det laga ein skrifteleg rapport om prosjektet.

Her er programmet for konferansen.

Konferansen føregår på engelsk, og vil bli leidd av Betty Ann Bryce frå Direktoratet for offentlige styringsformer og territorial utvikling i OECD, Paris. Etter presentasjon av prosjektet og ein felles lunsj, vil nokre av studentane ved sommarskulen presentere sine egne prosjekt.

For meir informasjon, ta kontakt med

Elisabeth Veivåg Helseth
Klimakoordinator
Telefon: 57 65 62 93
E-post: elisabeth.veivag.helseth@sfj.no

Del dette:

Relaterte lenker

Plansjef

Plansjef Synnøve Stalheim portrett

Synnøve Stalheim

Synnove.Stalheim@sfj.no
57 63 81 13
478 97 260

Tilsette