Ark med signaturar på eit bord
Ark med signaturar på eit bord

Intensjonsplan for samanslåing vart signert i september. Foto: Matias Helgheim/Sogn og Fjordane fylkeskommune

Intensjonsplan til høyring

Fylkestinget vedtok 18. oktober å legge intensjonsplan for samanslåing av Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland ut på brei høyring. Høyringsperioden går frå 26. oktober til 23. november.

Etter at forhandlingsutvala i dei tre fylka vart einige om ein intensjonsplan for samanslåing er planen no til politisk handsaming.

I første omgang skal fylkestinga i dei tre fylka ta stilling til om planen skal leggast ut på høyring. Hordaland har alt lagt planen ut på høyring, og 18. oktober vedtok fylkestinget i Sogn og Fjordane å gjere det same. Fylkestinget i Rogaland møtast 25. oktober.

No vert det ei brei offentleg høyring i perioden 26. oktober til 23. november. Fylkestinget vil i desember etter høyringa vurdere søknad til Stortinget om samanslåing av Sogn og Fjordane fylkeskommune med andre fylkeskommunar.

Fylkestinget gjorde følgjande samrøystes vedtak.

  1. Fylkestinget legg intensjonsplanen for samanslåing av Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane fylkeskommunar ut på ei brei offentleg høyring der sende høyringssvar i perioden 26.10.-23.11.16.
  2. Sogn og Fjordane fylkeskommune legg til grunn at fylkestinga i Rogaland og Hordaland også legg intensjonsplanen ut på høyring i sine fylke. Dersom ikkje alle tre fylkestinga gjer vedtak om høyring får fylkesutvalet fullmakt til å vurdere om Sogn og Fjordane fylkeskommune skal starte ein dialog med fylkeskommunar som ønskjer å vurdere moglege nye regionløysingar.
  3. Fylkestinget legg til grunn at nynorsk vert administrasjonsspråk som ei naturleg følgje av omtalen av nynorsk som viktig identitetsbyggjar.
  4. Fylkestinget i Sogn og Fjordane tek sikte på å gjere vedtak i høve vidare arbeid med regionreforma i desember 2016. Då vil ein ta stilling til om de aktuelt å sende ein felles søknad til Stortinget om samanslåing av Sogn og Fjordane med andre fylkeskommunar.

Intensjonsplan for samanslåing

Saksframlegg frå møte i fylkestinget 18. oktober 2016

Alt om regionreforma

For meir informasjon

Jenny Følling
fylkesordførar
jenny.folling@sfj.no  
479 05 990

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut