Illustrasjon som syner fylkesvåpenet.
Illustrasjon som syner fylkesvåpenet.

Intensjonsplan i fylkesutvalet

Fylkesutvalet tar 28. september stilling til om intensjonsplan for samanslåing av Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland skal leggast ut på høyring. Sakene til møta i fylkesutvalet og finansutvalet er no klare.

Etter at forhandlingsutvala i dei tre fylka vart einige om ein intensjonsplan for samanslåing skal dei respektive fylkespolitikarane no handsame planen. Først ut er fylkesutvalet, som 28. september skal vedta ei tilråding i saka, før fylkestinget gjer vedtak i oktober.

Fylkesrådmannen tilrår i saksframlegget ei brei offentleg høyring i perioden 26. oktober til 23. november. Høyringsinstansane bør omfatte statlege, regionale og kommunale styresmakter samt andre offentlege organ, private organisasjonar og institusjonar.

Eit viktig moment i tilrådinga er atterhaldet om at Rogaland og Hordaland også legg ut intensjonsplanen på høyring i sine fylke. Dersom det ikkje skjer ber ein om at fylkesutvalet får fullmakt til å vurdere dialog med fylkeskommunar som ønskjer å sjå på nye regionløysingar.

Om intensjonsplanen vert lagt ut på høyring vil fylkestinget i desember vurdere søknad til Stortinget om samanslåing av Sogn og Fjordane fylkeskommune med andre fylkeskommunar.

Saksframlegg til møte i fylkesutvalet 28. september 2016

Saksframlegg til møte i finansutvalet 28. september 2016

Politikardag 26. september 2016

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontaktinfo

Jenny Følling
fylkesordførar
jenny.folling@sfj.no
479 05 990

Åshild Kjelsnes
fylkesvaraordførar
ashild.kjelsnes@sfj.no
918 88 568

Kristin Rundsveen
rådgjevar for fylkesordføraren
kristin.rundsveen@sfj.no
908 90 713