Intensjonsplan for samanslåing av Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland
Intensjonsplan for samanslåing av Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland er no ute på ei brei, offentleg høyring i perioden 26. oktober til 23. november. No har du sjansen til å sende inn dine synspunkt om ei slik samanslåing.
Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland fylkeskommunar har saman arbeida fram intensjonsplanen for samanslåing. Målet med høyringa er å få inn grunngjevne synspunkt, tydelege argument og konstruktive innspel til arbeidet med regionreforma. Intensjonsplanen bør belysast frå fleire sider og på ein grundig måte. Alle – privatpersonar, kommunar, lag, organisasjonar og næringslivet – kan kome med innspel. Høyringsfristen er 23. november.
Fylkeskommunen ber særleg om tilbakemelding på følgjande tema:
- Synspunkt på om Sogn og Fjordane bør vere med og søkje Stortinget om samanslåing av dei tre vestlandsfylka, slik den framforhandla intensjonsplanen legg opp til (jf. vedlegg 1).
- Synspunkt på ytterlegare krav og ønske som vi kan ta med oss i arbeidet med å utvikle ein eventuell vestlandsregion. Dette kan også vere supplement til «kravlista» som ligg i punkt 10 i nemnde intensjonsplan.
Fråsegnene er offentlege etter offentleglova og vert publiserte her på nettsidene til Sogn og Fjordane fylkeskommune.
- Høyringsbrev Vestlandsregionen
- Regionreforma på Vestlandet - utgreiing for etablering av Vestlandsregionen
Fristen for å sende inn høyringssvar er 23. november, altså må svara vere fylkeskommunen i hende innan torsdag 24. november.
Send inn høyringssvar merka «Regionreforma på Vestlandet» til post@sfj.no.