Bilde av cruisebåt på fjord

Innspelskonferanse om cruisestrategi for Vestlandet, Sogn og Fjordane

30.september vert det halde innspelskonferanse om cruisestrategi for Vestlandet på høgskulebygget, Fosshaugane Campus, i Sogndal.

 

Fylkeskommunane i Rogaland, Hordaland, Sogn og fjordane og Møre og Romsdal har på oppdrag frå Vestlandsrådet starta arbeidet med ein felles cruisestrategi for dei fire vestlandsfylka. Innspelskonferansar vil bli arrangert i Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal.

 

Ein kan fritt melde seg på den konferansen som passar best i høve til tid og stad, uansett kvar ein er heimehøyrande. Programmet er likt på alle konferansane og tidsramma er den same; kl 12:00 – 16:00.

 

Frist for påmelding er 23. september, dersom du ynskjer å melde deg på etter denne datoen kan du ta kontakt med Ingeborg Lysne McEvoy, ingeborg.lysne.mcevoy@sfj.no

 

Følg linken for å melde deg på innspelkonferansen i Sogndal:

http://kurs.hfk.no/Kurs-og-konferansar/2015/Innspelskonferanse-cruisestrategi-Vestandet---Sogn-og-Fjordane-30-september/

Del dette:

Relaterte lenker