Foto som syner ein liten gut med oransje armringar og kvit badebukse i svevet frå eit av stupebrettet i badeanlegget i Trivselshagen på Sandane. Foto: Edvin-Andre Hugvik.
Foto som syner ein liten gut med oransje armringar og kvit badebukse i svevet frå eit av stupebrettet i badeanlegget i Trivselshagen på Sandane. Foto: Edvin-Andre Hugvik.

Hovudutvalet seier i fråsegna blant anna at det bør lagast ein eigen aksjonsplan for etablering/rehabilitering av symjehallar, som sikrar barn og unge hyppig vatn-tilvenjing og symjeopplæring i tråd med opplæringslova. Foto: Edvin-Andre Hugvik. Foto: Edvin A. Hugvik

Innspel til anleggsutvikling

Hovudutval for næring og kultur har gitt innspel til utviklinga av den statlege politikken om etablering av idrettsanlegg.

Regjeringa har etablert eit utval som skal kome med strategiar for å løyse utfordringar på idrettsområdet. Ein delrapport som omhandlar anlegg vart levert i juni og har no vore på høyring i blant anna fylkeskommunane.

– Det er så mange ulike behov frå anlegg til anlegg. For fylkeskommunen er det difor viktig at ein overordna statleg politikk vert utforma slik at det er stort rom for lokalt og regionalt handlingsrom. Vi har etablert eit godt samarbeid med kommunane og frivillig sektor i Sogn og Fjordane, og dette ønskjer vi å utvikle vidare til beste for visjonen vår om fysisk aktivitet for alle, seier Karen Marie Hjelmeseter, leiar av hovudutval for næring og kultur.  

Vil auke mangfaldet

Utvalet føreslår mellom anna ein overordna statleg politikk for betre behovsprøving av anleggsutbygginga. Dei tilrår også å auke mangfaldet av anlegg for å nå målet om fysisk aktivitet og idrett for alle gjennom bruk av spelemidlar.

Sogn og Fjordane fylkeskommune har tidlegare hatt møte med utvalet for å gje innspel, og registrerer at fleire av innspela er tekne omsyn til i rapporten.

Samrøystes fråsegn frå hovudutvalet

Hovudutval for næring og kultur drøfta saka 25. oktober. Basert på rapporten frå utvalet, og med for forankring i eigen regional plan for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv, har hovudutvalet sendt følgjande samrøystes fråsegn til departementet:

  1. Sogn og Fjordane fylkeskommune sluttar seg til dei prinsippa og prioriteringar for bruk av spelemidlar til anlegg for fysisk aktivitet som kjem fram i delrapporten «Statleg idrettspolitikk inn i en ny tid».
     
  2. Sogn og Fjordane fylkeskommune har gode erfaringar med partnarskapssamarbeid i arbeidet med anleggsutvikling. I arbeidet med regional plan for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv etablerer vi i fellesskap regionale prioriteringar som svarar på lokale og regionale behov når det gjeld bruk av spelemidlar til anleggsutvikling, for eksempel at godkjende friluftslivsanlegg får tildeling første søknadsår. Systematisk samarbeid over tid gir resultat.
     
  3. Sogn og Fjordane fylkeskommune forventar at staten også framover vil legge stor vekt på lokale og regionale planprosessar, og gi godt lokalt og regionalt handlingsrom når den statlege politikken på området vert forma.
     
  4. Sogn og Fjordane fylkeskommune oppmodar Kulturdepartementet til, i samarbeid med fylkeskommunane, å gjennomføre ei kartlegging av trongen for rehabilitering av anlegg. På bakgrunn av slik kartlegging kan det etablerast eit program der ein gjennom auka tilskotssats stimulerer til rehabilitering av eksisterande anlegg.
     
  5. Sogn og Fjordane fylkeskommunane ønskjer å kunne nytte deler av ramma til å innføre «forenkla nærmiljøordning» på nytt som tilskotsordning for å stimulere rask etablering av enkle anleggstypar som ikkje krev plass i kommunalt planverk. Dette vil på ein god måte støtte opp om målet om fysisk aktivitet for alle.
     
  6. Det bør også lagast ein eigen aksjonsplan for etablering/rehabilitering av symjehall som sikrar barn og unge hyppig vatn-tilvenjing og symjeopplæring i tråd med opplæringslova. I dette arbeidet bør det vurdere å trekke symjehallar ut av spelemiddelordninga og gje løyving til desse over Statsbudsjettet.
     
  7. Vi ser også fram til ei ordning der vi kan styrke tilskot til interkommunale anlegg som stimulerer til samarbeid for etablering eller rehabilitering av idrettshallar og symjehallar.
     
  8. Vidare ønskjer vi å stimulere anleggsutbygging som motiverer til eigenorganisert aktivitet blant barn og unge som sluttar med organisert idrett, t.d. FYSAK – senter.

For meir informasjon

Karen Marie Hjelmeseter
leiar, hovudutval for næring og kultur
karen.marie.hjelmeseter@sfj.no
918 47 736

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Ingebjørg Erikstad 

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur

ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00