Fylkeskommunen skal også stimulere til samarbeid på tvers av regionar og fylke og vere ein pådrivar for utviklingsprosjekt. Fylkeskommunen er dessutan ein viktig finansieringspart for reiselivet.
Fylkeskommunen bidreg til
- langsiktig satsing på reiselivet gjennom overordna planlegging og politisk styring
- marknadsføring av reiselivet gjennom eigarskap og finansiering av Fjord Norge og destinasjonsselskapa i fylket
- bedriftsutvikling i reiselivet gjennom regionale midlar til Innovasjon Norge
- produktutvikling i reiselivet ved å finansiere destinasjonsselskapa i fylket og NCE Tourism
- fylkesomfattande vandresatsing gjennom overordna koordinering og finansiering av lokale og regionale vandreprosjekt
- transporttilbod i reiselivet gjennom drift av viktige kollektivruter
- kunnskaps- og kompetanseheving i reiselivet ved å finansiere forskingsprogram for reiseliv og drifte vidaregåande skular
- eit meir berekraftig reiseliv ved å finansiere miljøretta reiselivsprosjekt
- samarbeid i reiselivet ved å vere arenabyggjar for reiselivsnæringa