Innovasjonstala 2019

Fylkesordføraren held i helsing i forkant av årets Innovasjonstale i Førde.

Innovasjonstalen 2019 - Kultur for vekst

Kjære alle frammøtte, velkomne til Førde, og Peak Sunnfjord. Vi er glade for at Fylkesutvalet blei invitert hit til Innovasjonstala 2019, det er ein flott moglegheit til å samlast for påfyll og nye tankar. Eg synes det er ekstra flott at vi har fått til eit lokalt arrangement her i Førde i dag, da når ein gjerne ut til fleire i vårt område enn hovudarrangementet i Oslo hadde gjort.

Årets tema høver godt for Sogn og Fjordane, og «Kultur for vekst» med fokus på små- og mellomstore bedrifter er svært relevant for Sogn og Fjordane. Vi har eit blomstrande gründerliv, og mange suksesshistorier – men vi kan alltid bli betre. Her i Sogn og Fjordane har vi vore flinke til å samarbeide, og etter kvart vorte dyktige på å utvikle gode klyngemiljø. Maritim Foreining er eig velfungerande eksempel, mens Kaupus i Sogndal og Fjordane virtuelle campus er to spanande prosjekt i emninga.

Vi har mykje flinke folk som driv nyskaping i verdsklasse, på stader der ingen skulle tru at millionbedrifter kunne utvikle seg. Highsoft i Vik er eit flott døme, Brødrene Aa i Hyen eit anna. Vi er «annleisfylket» med store avstandar, og dyktige folk med mykje pågangsmot.

Landsdelane våre har forskjellige utfordringar som krev ulike løysingar. På Vestlandet er geografien, infrastrukturen og næringsstrukturen annleis enn kring Oslofjorden. Dersom vi flyttar ansvaret for viktige samfunnsområde og tilhøyrande verkemiddel til regionalt folkevalt nivå blir politikken meir treffsikker og tilpassa fylka sine behov.  Å kople næringspolitikken tettare til forsking, kompetanse og innovasjon gjev gode resultat. Dei regionale forskingsfonda har blitt ein suksess. Ved å la fylka få meir ansvar om dei næringsretta midlane, vil det kunne stimulere næringslivet til innovasjon og nyskaping ut frå våre regionale føresetnader.

Politisk skjønn, makt over verkemiddel og moglegheit til påverknad er berebjelkar i demokratiet. Regionreforma kan med større oppgåver og meir økonomisk ansvar for viktige samfunnsområde bli ei demokratireform. Vi kan få ei meir heilskapleg forvaltning og mindre silotenking. Vi kan mobilisere engasjerte og framoverlente kommunar. Å sameine ressursane og samordne offentleg innsats og verkemiddelbruk gjev gode resultat. Fylkeskommunen har verkemidlar, og det er viktig at denne kassen ikkje vert tømt.

Vi skal no peike ut kursen for framtida og lage nye regionale planar for arealbruk, transport, klima og miljø, kultur og verdiskaping. I vårt store geografiske fylke er det heilt nødvendig å utvikle levedyktige og attraktive lokalsamfunn, tettstader og byar. Vi må sjå busetjing, kommunikasjonar og næringsutvikling i samanheng. I Sogn og Fjordane har vi dei seinare åra jobba godt i denne retninga. 

Det er viktig for oss å legge til rette for at lokalt eigde bedrifter har infrastruktur og rammetilhøve som gjev dei moglegheit for å overleve og vidareutvikle seg. Arbeidsplassar bygger lokalsamfunnet robust for dei kommande generasjonane. Vi har gode føresetnader for ei fortsett god utvikling – Innovasjon Norge ein viktig bidragsytar her!

Innovasjon Norge er det viktigaste næringsretta verkemiddelet vi har, og er utruleg viktig for å få kompetanse inn i bedriftene, skape nettverk og gje prosjektmidlar. Eg ser fram til å høyre Nina og årets innovasjonstale, og dei spanande føredraga som følger på.