Informasjonsmøte om effektane av nytt inntektssystem

Fylkesrådmannen hadde 3. juli eit informasjonsmøte med Sogn og Fjordane Venstre og stortingsrepresentant André Skjelstad, der temaet var det nye inntektssystemet og kutta dette fører med seg for fylket.

Det var fylkesrådmann Tore Eriksen og representantar frå økonomistaben som møtte politikarane, etter ynskje frå fylkeslaget.

- Sogn og Fjordane må tilførast friske midlar for å avhjelpe dei dramatiske effektane av det nye inntektssystemet for fylka.

Kuttnivået som ligg inne no er rett og slett for høgt, sa Venstre sitt medlem i Kommunalkomiteen på Stortinget, André Skjelstad, etter møtet.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut