Informasjon om sikker elektronisk sending
Sogn og Fjordane fylkeskommune har teke i bruk sikker digital post. Vi brukar ESA (Evry digital sending) mot SvarUt løysinga til KS.
Dette betyr at vi i tillegg til desse adressene:
- Sogn og Fjordane fylkeskommune, Askedalen 2, 6863 Leikanger
- BEST/EDU som elektronisk post frå/til offentlege etatar (gjeld kommunane i Sogn og Fjordane og Fylkesmannen i Sogn og Fjordane)
- post@sfj.no
har fått denne elektroniske adressa
- NO 941388841
Det er viktig at organisasjonsnummeret vårt vert lagd inn i dykkar adresseregister.
Når vi sender brev frå vårt arkiv-system, vil vi i utgangspunktet sende brevet til dykkar altinn-innboks med bakgrunn i organsiasjonsnummeret som er registrert på dykk i einingsregisteret. Dersom de ikkje opnar brevet innan to dagar, vil brevet bli printa ut og sendt per post til dykkar registrerte postadresse.