Heim/Måløy vidaregåande skule
Det jobbes med fransk

Det jobbes med fransk FRoto: Kjellrun Breidalen

Informasjon om nettundervisning for elevar på studiespesialiserande utdanningsprogram

Frå hausten 2020 vil det være høve til å melde seg på nettbaserte språkkurs for elevar som ikkje får desse tilboda ved eigen skule.

Tilbodet gjeld for elevar ved offentlege vidaregåande skular i Vestland fylkeskommune på studiespesialiserande utdanningsprogram.

Det overordna målet med tilbodet er å gjere språkfag med få søkjarar tilgjengeleg for elevar i heile fylket. Tilbodet vert då ein del av fagtilbodet ved alle vidaregåande skular i Vestland.

Fagtilbodet for skuleåret 2020-2021 vert:

Fransk III

Japansk I

Japansk II

Kinesisk I

Kinesisk II

Kinesisk III

Spansk III

Tysk III

Faga blir oppretta dersom det er nok søkjarar.

Sjå nettsidene til Vestland fylkeskommune for meir informasjon om læreplaner og tidspunkt for undervisinga