Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00
Forslag om freding: Dalheim/Singerheimen
23. desember 2019Sogn og Fjordane fylkeskommune føreslår å frede Dalheim, også kjent som Singerheimen, gnr. 86 bnr. 27 i Stryn kommune.
Har funne flotte fangstanlegg i Aurlandsfjella
17. desember 2019I haust dokumenterte arkeologar frå Universitetsmuseet i Bergen og Sogn og Fjordane fylkeskommune fleire førhistoriske fangstminne i område kring Blåskavlen Aurlandsfjellet.
Nye årringsdaterte bygg frå før 1650
13. desember 2019Fylkeskommunen har teke årringsprøvar av to bygg i Guddalen i Fjaler i haust. Begge viser seg å vere frå før 1650, og Riksantikvaren vurderer no å frede bygga.
Tok imot den siste fylkeskulturprisen i Sogn og Fjordane
10. desember 2019Ann Lundekvam og Bjørg Hovland tok imot fylkeskulturprisen under fylkestinget 10. desember. Dei får prisen for arbeidet sitt med drakt- og bunadstradisjonar i fylket.
Fylkeskulturprisen til Ann Lundekvam og Bjørg Hovland
29. november 2019Fylkeskulturprisen for 2019 går til Ann Lundekvam frå Gaular og Bjørg Hovland frå Luster. Dei får prisen for langvarig og stort arbeid med å ta vare på og føre vidare kunnskap om drakt- og bunadstradisjonar i fylket.
Har den beste kulturelle skulesekken i landet
28. november 2019Sogn og Fjordane er på førsteplass på Norsk kulturindeks 2018 når det gjeld tilbodet i Den kulturelle skulesekken (DKS).
Løft for ung kultur
27. november 2019Åtte prosjekt i fylket har fått støtte til arbeidet med å løfte og utvikle arbeidet med UKM.
Praktbrosjyren om dagsturhyttene er klar
19. november 2019I desse dagar er den 76 sider store brosjyren om dagsturhyttene i Sogn og Fjordane på veg ut til deg. Her får du turskildringar og fantastiske bilete av dei 26 dagsturhyttene våre.
Konferanse for å betre samspelet mellom kommunar og frivillige
07. november 201919. november er kommunar og frivillige organisasjonar inviterte til konferanse om frivilligpolitikk. Målet er auka frivillig engasjement og tettare samspel.
Auka samspel mellom kommunar og frivillige
01. november 2019Sogn og Fjordane og Noreg er rå på frivillig arbeid. Men har vi ein heilskapleg politikk for frivilligheita? Er samspelet mellom kommunar og frivillige organisasjonar godt nok? Det skriv Bjørn Lindstad i Frivillighet Norge og Åge Avedal i Sogn og Fjordane fylkeskommune om på kulturbloggen.
Inviterer Bjørgvin bispedømme til å delta i arbeidet på Selja
15. oktober 2019Sogn og Fjordane fylkeskommune har teke initiativ til eit prosjekt for å gjere klosterskatten på Selja betre kjent og inviterer no biskopen i Bjørgvin inn i styringsgruppa for prosjektet.
Vestland får spreke fylkesfargar
15. oktober 2019I samband med konstituerande fylkesting blir dei første smakebitane av Vestland fylke sin visuelle identitet presentert. Det nye fylket får spreke fargar og visuelle tilleggselement i fugleperspektiv.
Ny fylkesordførarkjede for Vestland er klar
14. oktober 201916 motiv frå heile Vestland dannar den rykande ferske fylkesordførarkjeda som den nye fylkesordføraren får overrekt i Håkonshallen tysdag kveld. Motiva er nøye valde. Her skal det vere noko som alle kan kjenne seg igjen i. Her er alt frå fjordhest og sild, til Bryggen og bru. Og ein QR-kode.
Ope møte om Singerheimen
04. oktober 2019Det er stort engasjement rundt Singerheimen i Olden og framtida til eigedomen. No inviterer Sogn og Fjordane fylkeskommune til ope møte 15. oktober.
Vestland får to UKM-festivalar i 2020
03. oktober 2019Den store Ung kultur møtest (UKM)-helga i Vestland i 2020 blir 24.–26. april. Då blir det UKM Vestland-festival i Nordfjordhallen i Måløy og på Voss kulturhus på Voss.
Seks kunstnarar har fått kunstnarstipend
02. oktober 2019Seks kunstnarar frå fylket har fått stipend frå Sogn og Fjordane fylkeskommune i 2019. Stipenda er fordelte på tre arbeidsstipend og tre stipend til unge kunstnarar i etableringsfasen.
Føreslå kandidatar til fylkeskulturprisen 2019
30. september 2019Kjenner du nokon som fortener ekstra merksemd for kulturinnsatsen sin, som du rett og slett meiner burde få den siste fylkeskulturprisen for Sogn og Fjordane?
Konferanse: Kommunar og frivilligheit i samspel
23. september 2019Frivillig engasjement er med å skape gode lokalsamfunn. Sogn og Fjordane fylkeskommune og Frivillighet Norge inviterer 19. november til konferanse på Gloppen Hotell. Tema er korleis kommunane og frivilligheita kan spele kvarandre gode.
Gulatingseminaret 27. september 2019
17. september 2019Kvar låg Gulatinget? Velkomen til eit seminar om kjelder og kjeldeverdi!
Forfattarmøte på dagsturhyttene
13. september 2019Forfattar Anders Totland er på turné på fleire dagsturhytter i indre Sogn for å møte og diskutere klima med ungdomsskuleelevar.
Verdsarvområdet Vestnorsk fjordlandskap samarbeider med Alaska
11. september 2019Verdsarvområda Glacier Bay National Park i Alaska og Vestnorsk fjordlandskap har signert ein samarbeidsavtale.
Verdsarv i demokrati- og fredsperspektiv
11. september 2019Fylkesvaraordførar Åshild Kjelsnes deltok saman med ein delegasjon frå framtidige Vestland fylkeskommune på den nordiske verdsarvkonferansen i Stockholm 1.–4. september.
Hey Google! Skjønar du nynorsk?
01. august 2019I dag lærer små barn å halde nettbrett, skei og gaffel på same tid. Det gjer noko med språket.
Skulesekken pakka med plastkunst og klimakonsert
08. august 2019Den kulturelle skulesekken (DKS) er i år pakka med eit stort utval engasjerande og varierte opplevingar – mellom anna fleire produksjonar som set klima- og miljøproblema under debatt.
Vil løfte kunst i offentlege rom
02. juli 2019Kvifor er kunst viktig i fellesromma våre? Korleis involvere og bruke kunst i stadutvikling og som del av planarbeid og utbygging? 19. september blir det seminar om desse spørsmåla i Førde.
11 millionar til kultur og folkehelse
01. juli 2019Sogn og Fjordane fylkeskommune tildelte i juni over elleve millionar kroner til kultur- og folkehelsetiltak i fylket.
Støtte til arbeid med lokal frivilligpolitikk
01. juli 2019Frivillig sektor er stor i Noreg, men få kommunar har vedteke ein eigen politikk for frivilligheita. Vi ønskjer å hjelpe kommunane med dette. Her finn du ressursar som kan nyttast til å løfte arbeidet med lokal frivilligpolitikk.
300 000 kroner til turskilt og stibygging
27. juni 2019Turstiar skal utbetrast og skiltinga skal bli lik i heile fylket. Til dette vert det gitt ei gåve på 300 000 kroner frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane.
Felles anleggspolitikk i Vestland
25. juni 2019I 2020 skal Vestland fylkeskommune fordele omlag 220 mill. kr. i spelemidlar til anlegg for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv. Anleggspolitikken og kriteria som skal liggje til grunn for fordelinga er no klare.
Gulatingslova tilgjengeleg på nett
24. juni 2019Det einaste komplette pergamenthandskriftet av den eldre Gulatingslova har for første gong vorte digitalisert. Den digitale utgåva er publisert på heimesida til Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.
Urnes stavkyrkje 40 år på verdsarvlista
24. juni 2019I 2019 er det 40 år sidan Urnes stavkyrkje vart innskriven på UNESCO si verdsarvliste, som den første i Noreg. Jubileet vart høgtideleg markert denne helga.
Klare for UKM-festivalen 2019
21. juni 2019Måndag 24. juni reiser 20 ungdommar frå Sogn og Fjordane til UKM-festivalen i Stjørdal.
Freding av Wittgenstein-huset i Skjolden
20. juni 2019Sogn og Fjordane fylkeskommune har i dag varsla oppstart av fredingssak for den verdskjende filosofen Ludwig Wittgenstein sitt hus i Skjolden i Luster kommune.
Dagsturhyttejakt
19. juni 2019No kan du "samle" dagsturhytter og vinne ein flott premie. Bli med på dagsturhyttejakt gjennom appen DNT SjekkUT!
Tolv millionar til kunst og kultur
29. mai 2019Norsk kulturråd har så langt i 2019 løyvd meir enn 12 millionar til kunst- og kulturføremål i Sogn og Fjordane. Sjå kven som har fått tilskott.
Startar arbeidet med freding av Singerheimen
24. mai 2019Fylkeskommunen vurderer Singerheimen/Dalheim i Stryn kommune som eit kulturminne av nasjonal interesse, og varslar i dag oppstart av fredingssak for eigedomen.
Vi får 74 millionar i spelemidlar
10. mai 2019Kulturdepartementet har no fordelt spelemidlane for 2019. Sogn og Fjordane får i år 14 millionar kroner meir enn i fjor.
Søkjer designar for nytt fylkesordførarkjede
06. mai 2019Hordaland og Sogn og Fjordane inviterer profesjonelle kunsthandverkarar eller designarar for utforming av nytt fylkesordførarkjede og møteklubber til Vestland fylkeskommune.
Fylkeskommunen får midlar til å kartleggje fiskeplassar
06. mai 201975 000 kr i tilskot frå Kartverket sikrar at Sogn og Fjordane fylkeskommune kan kartlegge tilgjengelegheita til fiskeplassar ved fleire av dei større fiskevatna i fylket.
Fire millionar kroner til Harastølen
03. mai 2019Hovudutval for næring og kultur har løyvd fire millionar kroner til istandsetjingstiltak for å ta vare på kulturhistoriske verdiar på Harastølen/Lyster sanatorium.
Sogn og Fjordane prioriterer friluftslivet
30. april 2019Sogn og Fjordane er det fylket i landet som i 2018 brukte mest midlar på friluftsliv per innbyggjar.
Offisielle opningar av dagsturhytter
25. april 2019Denne veka er det opningsarrangement ved fire av dagsturhyttene. Det vert musikk, underhaldning og aktivitetar for ungane. Ta turen om du er i Stryn, Måløy, Førde eller Sogndal.
Kulturfestivalen 2019
09. april 2019Den 31. kulturfestivalen for utviklingshemma vart arrangert i Førde 29. til 31. mars. Dette var eit fantastisk arrangement med vel 100 deltakarar frå heile Sogn og Fjordane. Her er fleire bilete frå helga.
Fylte Nordfjordhallen med ung kunst og kultur
01. april 2019UKM-festivalen Sogn og Fjordane 2019 er over. 250 ungdommar frå heile fylket har fylt Nordfjordhallen med liv og røre frå start til slutt.
Turboprisen 2019 til Gulen kommune
31. mars 2019Gulen kommune får i år den nasjonale Turboprisen for arbeidet sitt med UKM. Kommune har hatt auke i deltakartalet på lokalmønstringa si kvart år sidan 2015.
Klart for årets UKM-festival Sogn og Fjordane
28. mars 2019Blitz frå Fjaler, Hans Høie frå Gulen og konferansier Camilla Liseth frå Selje er nokre av ungdommane du møter i Nordfjordhallen i helga. Då er det nemleg tid for årets UKM-festival for Sogn og Fjordane.
Vil ha fleire kulturoppgåver til fylkeskommunane
26. mars 2019Hovudutval for næring og kultur i Sogn og Fjordane vil ha eit forpliktande samarbeid mellom fylkeskommunane og staten for snarleg overføring av fleire kulturoppgåver. Dette kom fram då Kulturmeldinga vart drøfta i møte 19. mars.
– Vestland må bli ein bjellesau for kulturlivet
22. mars 2019– Den nye fylkeskommunen må bli ein bjellesau for kulturlivet, sa fylkesdirektør Karen Espelund på den første kulturkonferansen for Vestland fylkeskommune.
Populært fylkesarkiv
22. mars 2019Fylkesarkivar Arnt Ola Fidjestøl fekk 99 søkjarar til seks stillingar. Interessa for offentleg arkiv og digitalisering er stor.
Søknadsrekord om spelemidlar – igjen
21. mars 2019Fylkeskommunen har i år godkjent spelemiddelsøknadar om til saman 364 millionar, noko som betyr ny rekord for fylket i år igjen. Det har vore nærast ei dobling i søknadssum dei tre siste åra.
Sjå opptak av kulturkonferansen
21. mars 2019Kulturkonferansen Vestland – Ein ny region veks vart arrangert i Bergen 21. mars. No kan du sjå konferansen i opptak.
Ung kultur møtest i Vågsøy
13. mars 2019UKM-festival Sogn og Fjordane vert arrangert i Nordfjordhallen 29.–31. mars. 230 ungdommar frå heile fylket skal vise kva dei kan, knyte kontaktar og få inspirasjon gjennom ei heil helg.
Nesten fem millionar til tre veteranbåtar
12. mars 2019DS Stavenes, MS Stangfjord og MS Solundir får til saman over 4,9 millionar kroner når Riksantikvaren no kjem med årets tildeling til fartøyvern.
Søk driftsstøtte til kunst, kultur og idrett i Vestland
01. mars 2019Aktørar innan kunst-, kultur-, frilufts- og idrettsfeltet kan no søkje driftstilskot for 2020 frå Vestland fylkeskommune. Søknadsfristen er 1. april 2019.
Tilskot til kultur og folkehelse 2019
08. februar 2019Søk fylkeskommunen om kulturmidlar, kunstnarstipend eller folkehelsemidlar innan 1. mars, eller søk om tilskot til kulturbygg innan 30. april.
Kulturkonferansen Vestland – Ein ny region veks fram
24. januar 2019Hordaland og Sogn og Fjordane inviterer til felles kulturkonferanse i Bergen torsdag 21. mars. Dette blir den første av mange regionale møteplassar for kultur i nye Vestland fylkeskommune.
Søknadsrekord til idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv i fylket
24. januar 2019Då søknadsfristen for spelemidlar gjekk ut 15. januar 2019 hadde Sogn og Fjordane fylkeskommune fått inn 284 søknader til ein samla søknadssum på 373 millionar kroner frå alle kommunane i fylket.
Vil mobilisere engasjement for kulturminne
14. januar 2019Fylkeskommunen var godt representert då Klima- og miljødepartementet arrangerte innspelsmøte i Førde i samband med den komande stortingsmeldinga om kulturminnepolitikk.
Nye 510 000 kr til fotballen sin kamp mot mikroplast
20. desember 2018Til våren får idrettsparkane i Fjaler, Vik og Eid nye skorister til å samle opp gummikuler frå kunstgras. Fylkeskommunen, fotballkrinsen og sparebankane bidreg med pengar.
Trivselsskogen på Sandane kåra til beste turruta i fylket
19. desember 2018Trivselsskogen vert finalisten frå Sogn og Fjordane når den mest populære turruta i landet skal kårast under Stikonferansen i mars.
Eit nytt fylkesarkiv
14. desember 2018Frå og med 01.01.2020 eksisterer ikkje Sogn og Fjordane fylkeskommune lenger. Kva då med fylkesarkivet i Sogn og Fjordane? Dette spørsmålet stiller fylkesarkivar Arnt Ola Fidjestøl på kulturbloggen denne veka.
Teaterfestival tok imot fylkeskulturprisen
04. desember 2018Teaterfestivalen i Fjaler har tilført det profesjonelle kulturlivet i Sogn og Fjordane nye dimensjonar. Tysdag fekk festivalen fylkeskulturprisen for 2018.
Opning av dagsturhytta i Lærdal
03. desember 2018Dagsturhytta på Mjølkeflaten i Lærdal vart formelt opna fredag 30. november. Dette vart markert med seremoniell klypping av snor, samt musikkinnslag og talar. Aleksander Øren Heen stod for helsinga frå fylkeskommunen.
Har du innspel til kulturminnepolitikken?
27. november 2018Regjeringa har no starta arbeidet med ny stortingsmelding om kulturminnepolitikken. Denne meldinga skal danne grunnlag for ein diskusjon i Stortinget om kva som skal vere framtidas kulturminneforvaltning.
Teaterfestivalen i Fjaler får Fylkeskulturprisen 2018
20. november 2018Hovudutval for næring og kultur har i dag vedteke at Fylkeskulturprisen i Sogn og Fjordane skal tildelast Teaterfestivalen i Fjaler.
Søk om tilskot til kulturminne i verdsarvområde
16. november 2018Eig du kulturminne i verdsarvområdet Vestnorsk fjordlandskap – delområde Nærøyfjorden? No kan du søkje om tilskot til istandsetjing.
Halvparten av dagsturhyttene på plass
14. november 201813 av dei 26 planlagde dagsturhyttene i Sogn og Fjordane er no plasserte ut på sentrale turmål i kommunane. Fleire hytter er på veg denne veka og i tida fram mot jul.
Tre kandidatar innstilt til fylkeskulturprisen
14. november 2018Hovudutval for næring og kultur avgjer 20. november kven som får fylkeskulturprisen for 2018. Innstillingsnemnda har no innstilt tre kandidatar.
Sju kunstnarar har fått kunstnarstipend
09. november 2018Sju kunstnarar frå fylket har fått stipend frå Sogn og Fjordane fylkeskommune i 2018. Stipenda er fordelt på fire arbeidsstipend og tre stipend til unge kunstnarar i etableringsfasen.
Kulturfestivalen 2019
09. november 2018Kulturfestivalen for utviklingshemma i Sogn og Fjordane er ein unik og inkluderande kulturfestival for alle som likar musikk og kultur.
29.–31. mars inviterer vi til ny festival.
Wikiverkstad for lokalhistorieinteresserte
07. november 2018Torsdag 22. november vert det wikiverkstad på fylkeshuset på Leikanger. Fylkeskommunen, Fylkesarkivet og HIFO Sogn og Fjordane inviterer lokalhistorieinteresserte til å bli med på ein digital skrivedugnad på lokalhistoriewiki.no.
– Det er vi som har ansvar for vårt språk
02. november 2018Vi må ta aktive grep for å sikre norsk språk generelt, og nynorsk spesielt, sa fylkesordførar Jenny Følling ved opninga av språkkonferansen «Treng vi norsk?» i Førde 1. november. Her kan du lese meir og sjå bilete frå konferansen.
Skule+fotball=sant
31. oktober 2018Hanne Stedje stakk av med sigeren i fotokonkurransen #skulenmin. Vinnarbiletet er frå Tangen skule i Årdal.
24 forslag til kven som fortener kulturpris
30. oktober 2018Fristen for å føreslå kandidatar til fylkeskulturprisen 2018 gjekk ut 15. oktober. Sogn og Fjordane fylkeskommune har fått inn 24 forslag til kven som bør få årets pris.
Satsar på Selja som berekraftig reisemål
30. oktober 2018Sogn og Fjordane fylkeskommune har starta opp eit prosjekt for å utvikle Selje kloster som eit attraktivt og berekraftig reisemål. PwC har fått ansvar for å leie forprosjektet som skal vere ferdig våren 2019.
Fylkeskommunen vil ha «kultur for alle»
29. oktober 2018Regional plan for kultur i Sogn og Fjordane 2019–2027, «Kultur for alle», vart vedteken i fylkestinget 19. oktober. Planen set ambisiøse målsetningar for kulturfeltet i Sogn og Fjordane og det nye Vestland fylke.
Førhistorisk styrtfangst kring Fresvikbreen
18. oktober 2018Arkeologar frå Sogn og Fjordane fylkeskommune og Universitetsmuseet i Bergen har i haust dokumentert og registrert fangstanlegg på sørsida av Fresvikbreen.
Inviterer til Fagsamling om ungdomsarbeid
02. oktober 201818.–19. oktober inviterer fylkeskommunen til Fagsamling om ungdomsarbeid. Dette er ei årleg samling for dei i kommunane som jobbar med UKM, ungdomsråd og Dans uten grenser.
Føreslå kandidatar til fylkeskulturprisen 2018
02. oktober 2018Kjenner du nokon som fortener ekstra merksemd for kulturinnsatsen sin, som du rett og slett meiner burde få fylkeskulturprisen 2018? No ynskjer fylkeskommunen framlegg til kandidatar.
Treng vi norsk? Ein konferanse om framtida for det norske språket
17. september 2018Nynorskfylket Sogn og Fjordane skipar til språkkonferanse i Førde 1. november. På programmet står mellom andre Trine Skei Grande og kringkastingssjef Thor Gjermund Eriksen.
UKM-festivalen 2019 til Vågsøy
14. september 2018UKM-festivalen Sogn og Fjordane vert i 2019 arrangert 29.–31. mars i Nordfjordhallen i Måløy. Vågsøy kommune er hovudarrangør for festivalen.
No får fylket dei grønaste kunstgrasbanene i landet
14. september 2018Eit samarbeid mellom Sparebanken Sogn og Fjordane, Sparebanken Vest, fylkeskommunen og NFF Sogn og Fjordane sikrar at kunstgrasbanene i fylket får naudsynt utstyr til å redusere sitt miljøavtrykk.
«Freda av Riksantikvaren» – kveldsmøte på Tysse 20. august
17. august 2018Riksantikvaren, i samarbeid Sogn og Fjordane fylkeskommune og Fortidsminneforeningen, inviterer til ope kveldsmøte med føredrag og debatt om fredning og forvaltning av freda bygningar.
Inviterer til konferanse om kultur for barn og unge
16. august 2018Fylkeskommunen og Norsk kulturskuleråd Sogn og Fjordane inviterer til konferansen Felles barn, felles ansvar 20.– 21. september. Målgruppa alle som arbeider med kultur for, av og med barn og unge i kommunane.
Gilgamesh kom til Eid og Gloppen
27. juni 2018Fylkesbiblioteket og folkebiblioteka i Sogn og Fjordane har lagt ut på dagsturhytteturné! Eid og Gloppen var først ut med framsyning av «Gilgamesh – kongen som nekta å døy» av og med Rolf Losnegård.
Bård Vegard Solhjell og Olaug Nilssen til Førdekonferansen
25. juni 2018Ytringsfridom – vilkår og grenser er tema på Førdekonferansen torsdag 5. juli.
Desse reiser til UKM-festivalen frå Sogn og Fjordane
22. juni 2018Måndag 25. juni reiser 24 ungdommar frå fylket til UKM-festivalen i Trondheim.
Fredingsmarkering for Storehuset på Flatheim
21. juni 2018Laurdag 9. juni var det markering av fredinga av Storehuset frå Eldalen som no står på Flatheim i Gaular kommune.
Fredingsmarkering i Gaular laurdag 9. juni
05. juni 20189. juni kl 15 vert fredinga av Storehuset på Flatheim markert med ope hus, omvising, enkel servering og helsingar. Alle er velkomne til markeringa.
Gje oss dine innspel til ny kulturplan!
01. juni 2018Regional plan for kultur 2019–2027 er no lagt ut på høyring. Les høyringsutkastet og send oss ditt innspel her.
Høyring – Regional plan for kultur
01. juni 2018Regional plan for kultur er no lagt ut på høyring. Fristen for å kome med innspel til planen er 1. september 2018. Fristen for innspel til handlingsprogrammet er 1. oktober.
Opning av Kystpilegrimsleia i Sogn og Fjordane på Kinn
30. mai 2018Opningseglasen for den nye, nasjonale pilegrimsleia frå Egersund til Trondheim legg innom Florø og Kinn. Laurdag 16. juni vert opninga av leia markert av fylkesordføraren.
Feira 30 år med kulturfestival i Sogn og Fjordane
29. mai 2018Kulturfestivalen for utviklingshemma rundar 30 år. Laurdag 26. mai feira festivalen jubileet med konsert på Elvetorget i Førde.
Får støtte til kartlegging av tilgjengelege turvegar
16. mai 2018Fylkeskommunen har fått tildelt 100 000 kroner frå Kartverket til å kartleggje tilgjengelegheit og universell utforming av sentrumsnære turvegar i 11 kommunar i fylket.
Opna dagsturhytta i Luster
15. mai 2018Over 150 møtte opp til den offisielle opninga av Eikjabu på Ytre Eikum, den første dagsturhytta ved sjøen.
Rekordmykje spelemidlar til Sogn og Fjordane
09. mai 2018Fredag førre veke kunngjorde Kulturdepartementet fordelinga av spelemidlar til idrettsføremål. Sogn og Fjordane får nesten 60 millionar kroner, ein auke på over 10 prosent frå i fjor.
Laga SPETAKKEL for 3300 elevar
08. mai 20183300 Sunnfjord-elevar fekk oppleve litt av det store mangfaldet i Den kulturelle skulesekken på festivalen SPETAKKEL 2018 i slutten av april.
Vil ha bevaringsprogram for mellomalderkyrkjer
23. april 2018Hovudutval for næring og kultur bed Riksantikvaren om å støtte vedlikehald av Kinn kyrkje og dei andre steinkyrkjene frå mellomalderen.
Kulturlandskapspris til trio frå Leikanger
17. april 2018Lars Grinde, Roald Lunde og Jon Erling Oppedal får Kulturlandskapsprisen 2018 for deira arbeid med landbruk og skjøtsel i det nasjonalt utvalde kulturlandskapet Grinde–Engjasete.
Ung kultur møttest i Høyanger
16. april 2018300 ungdommar frå heile fylket har denne helga fylt Høyanger med liv og røre på UKM-festivalen Sogn og Fjordane 2018.
Engelskmenn let seg imponere av Den kulturelle skulesekken
12. april 2018Korleis turnere med kunst og kultur på bygda? Dette er temaet for EU-prosjektet Rural Touring, med aktørar frå seks land. Denne veka var representantar frå prosjektet i Sogn og Fjordane.
Klart for UKM-festivalen i Høyanger
10. april 2018I helga er det endeleg tid for årets UKM-festival for Sogn og Fjordane.
Ung hordalending vann publikumspris på filmfestival
06. april 2018Anders Honningdal vart den store vinnaren i kortfilmkonkurransen på Sogndal filmfestival 2018. Arrangementet vart avvikla med gallakveld i Sogndal kulturhus torsdag kveld.
Ung kultur møtest i Høyanger
27. mars 2018UKM-festival Sogn og Fjordane vert arrangert i Høyanger 13.–15. april. 230 ungdommar frå heile fylket skal vise kva dei kan, knyte kontaktar og få inspirasjon gjennom ei heil helg.
Snart klart for Sogndal filmfestival
26. mars 2018Medielinja på Sogndal vgs skipar til filmfestivalen for trettande gong 5.–6. april.
Henrik Syse og Olaug Nilsen til Møteplass kultur, musikk og fritid
23. mars 2018Fredag 25. mai er det tid for å stoppe opp, ta turen til Scandic Sunnfjord Hotel og få med seg konferansen Møteplass kultur, musikk og fritid. (OBS: Avlyst)
Sju millionar kroner til freda bygningar i fylket
22. mars 2018Hovudutval for næring og kultur har fordelt over sju millionar kroner til ulike prosjekt for å setje i stand freda og fredingsverdige bygningar i Sogn og Fjordane. Sjå kva bygningar som får tilskot.
Glimt frå Kulturkonferansen 2018
15. mars 2018Tema for Kulturkonferansen 2018 var Kulturelle ressursar i kommunane. Begge dagane var fylt av gode historiar, og døme frå kommunane. Det var også gode diskusjonar og refleksjonar om kva gode kulturelle ressursar er eller kan vera, frivilligheit og kulturell og kreativ næring. Her er smakebitar frå konferansen, både i form av presentasjonar frå innlegga og bilete.
Fredingsmarkering i Gaular avlyst
27. februar 2018
Fredinga av Storehuset på Flatheim i Gaular skulle markerast laurdag 3. mars, men er no avlyst på grunn av sjukdom. Det blir markering seinare i år.
Meld deg på kulturkonferansen 2018
26. februar 2018Kulturkonferansen 2018 vert arrangert 7. og 8. mars på Scandic Sunnfjord Hotel i Førde. Tema i år er kulturelle ressursar i kommunane, frivilligheit og kulturell og kreativ næring.
Søk kulturmidlar, folkehelsemidlar og tilskot til kulturbygg
13. februar 2018Tida er inne for å søkje dei fylkeskommunale kulturmidlane, kunstnarstipend og folkehelsemidlane. Vi lyser samstundes ut midlane i den desentraliserte ordninga for tilskot til kulturbygg.
Fylkeskommunen søkjer ny UKM-arrangør
09. februar 2018UKM-festivalen Sogn og Fjordane er det største årlege UKM-arrangementet i fylket. No er vi på jakt etter ny arrangør for 2019-festivalen.
Barn i Sogn og Fjordane låner mest bøker
29. januar 2018Innbyggarane i Sogn og Fjordane er dei flittigaste lånarane av barnebøker i landet. Det syner tal frå Statistisk sentralbyrå.
Rekordhøg søknadssum om spelemidlar – igjen
25. januar 2018Kommunar, lag og organisasjonar i Sogn og Fjordane har dei siste åra for alvor fått opp augo for spelemiddelordninga. I år søkjer vi om 242 millionar kroner, dobbelt så mykje som for fire år sidan.
30 år med kulturfestival for utviklingshemma
24. januar 2018Kulturfestivalen i Sogn og Fjordane har i 30 år vore ein unik og inkluderande kulturfestival for alle som likar musikk og moro. I mai inviterer vi til ny festival – og jubileum.
Sjumilsstegkonferansen 2018 – Klart vi kan
22. januar 2018Sjumilsstegsarbeidet skal legge til rette for at barn og unge blir tekne vare på frå helsestasjon til fullført utdanning. Den årlege sjumilsstegskonferansen vert i år arrangert 14. og 15. mars i på Hotel Alexandra i Loen.
Kjend YouTubar til Sogndal Filmfestival
16. januar 2018Tredjeklassingane ved medium og kommunikasjon ved Sogndal vidaregåande skule inviterer til filmfestival igjen i april og lokkar med YouTubar og komikar Maria Stavang som føredragshaldar.
Konferansar om Den kulturelle spaserstokken
20. desember 2017På nyåret inviterer Sogn og Fjordane fylkeskommune til gratis konferansar om Den kulturelle spaserstokken i både Sogndal og Førde. Her vert det lagt opp til både inspirasjon og dialog om vegen vidare for spaserstokken her i fylket.
UKM 2018 er i gang
14. desember 2017Er du mellom 13 og 20 år og ønskjer å delta i UKM? No kan du melde deg på UKM 2018!
Innspelsmøte til ny kulturmelding
11. desember 2017Ønskjer du å kome med innspel til den nye kulturmeldinga, som Kulturdepartementet har starta arbeidet med? 17. januar 2018 arrangerer fylkeskommunen og departementet eit regionalt innspelsmøte i Førde.
No er den første dagsturhytta opna
08. desember 2017Den første dagsturhytta i fylket vart opna med hytteboogie, då Good Time Charlie spelte opp til opningskonsert i Trivselsskogen på Sandane.
«Mor Aurlandsdalen» heidra med fylkeskulturprisen
05. desember 2017Kristin Sønnerheim har lagt ned mykje arbeid for å gjere Aurlandsdalen tilgjengeleg for ålmenta. I ein alder av 85 år får ho fylkeskulturprisen som takk for innsatsen.
Samarbeider om musikkterapi
28. november 2017Sogn og Fjordane fylkeskommune blir medlem i POLYFON – kunnskapsklynge for musikkterapi. Målet er å gjere Vestlandet til ein nasjonal og internasjonal føregangsregion innan temaet.
Sogndal Filmfestival 2018
24. november 2017Den 5. og 6. april arrangerer medie- og kommunikasjon på Sogndal vidaregåande skule kortfilmfestivalen Sogndal Filmfestival for 13. gong på rad.
Fylkeskulturprisen 2017 til Kristin Sønnerheim
21. november 2017Kristin Sønnerheim går under kallenamnet Mor Aurlandsdalen. I over 50 år har ho stelt og rydda stien gjennom dalen med handemakt. No får ho fylkeskulturprisen for innsatsen sin.
Vil ha fleire med på UKM
20. november 2017Jenny Hatlelid Holsæter leiar Ungdommens ressursgruppe (URG), som jobbar med å få fleire ungdomar i Sogn og Fjordane med på UKM – Ung kultur møtest.
Deler ut resten av årets spelemidlar
20. november 2017Hovudutval for næring og kultur fordeler 21. november 1,75 millionar kroner i spelemidlar til idrettsanlegg rundt om i fylket.
Presentasjonar frå samling om UKM og ungdomsråd
17. november 2017Fylkeskommunen arrangerte 26. og 27. oktober ei samling for dei i kommunane som jobbar med UKM og ungdomsråd. Tema var mellom anna ungdomsdemokrati og ungdomsmedverknad. Her finn du presentasjonane frå samlinga.
Justerer prioriteringa av spelemidlar
16. november 2017Fylkeskommunen går i desse dagar gjennom kva idrettsanlegg i fylket som skal prioriterast for spelemidlar fram til 2023.
Tilskot til kulturminne i Nærøyfjorden
15. november 2017Eigarar av kulturminne i verdsarvområdet Vestnorsk fjordlandskap – delområde Nærøyfjorden kan no søkje om tilskot til istandsetjing av kulturminna sine.
Kven får fylkeskulturprisen?
14. november 2017Hovudutval for næring og kultur avgjer 21. november kven som får fylkeskulturprisen for 2017. Innstillingsnemnda har no innstilt tre kandidatar.
Dagsturhyttene tek form
08. november 201726 like dagsturhytter skal på plass i Sogn og Fjordane i løpet av dette året og neste. Fem vert monterte i haust, og 8. desember opnar den første – i Trivselsskogen på Sandane.
15 kandidatar til kulturprisen
08. november 2017Det var kome inn 15 forslag til årets fylkeskulturpris, då fristen for å føreslå kandidatar gjekk ut 1. november.
Samla på Gulatinget på ny
01. november 2017«Hordaland og Sogn og Fjordane blir eitt. Eit kvarttusen år sidan sist. I soga er hundreåra små.» Slik helsa Fridtjov Urdal dei 88 fylkestingsrepresentantane frå dei to fylka, då dei markerte samanslåinga på tingstaden Gulatinget.
«Den norske islamisten» på skuleturné
26. oktober 2017Den kulturelle skulesekken (DKS) skal vise dokumentaren «Den norske islamisten» for førsteklassingane på dei vidaregåande skulane i fylket. Turneen startar i slutten av oktober.
Fire kunstnarar har fått kunstnarstipend
19. oktober 2017Fire kunstnarar frå fylket har fått stipend frå Sogn og Fjordane fylkeskommune i 2017. Stipenda er fordelt på tre arbeidsstipend og eit stipend til unge kunstnarar i etableringsfasen.
Konferanse om Den kulturelle spaserstokken
19. oktober 2017Det vert gode døme frå fleire kommunar på konferansen om Den kulturelle spaserstokken i Måløy 2. november. I tillegg vert det debatt for å drøfte kva vi vil med ordninga.
Presenterte fylkessoga for fylkestinget
17. oktober 2017Redaktør Ola Svein Stugu og alle forfattarane av «Soga om Sogn og Fjordane» heldt historietime for fylkestinget då dei presenterte fylkessoga og overrekte ho til fylkestinget.
Lanserer soga om Sogn og Fjordane
11. oktober 2017Nesten sju år har gått sidan fylkestinget slo fast at det skulle skrivast ei fylkessoge. No er verket i fire band klar for lansering rundt om i fylket.
Biblioteka finn nye vegar til lesaren
09. oktober 2017Sogn og Fjordane fylkesbibliotek presenterer og delar erfaringar frå prosjektet «Lesarhistoria – ny veg til lesaren» i Oslo 9. november.
Ny styreleiar for Musea i Sogn og Fjordane
06. oktober 2017Laura Kvamme er valt som ny styreleiar for Musea i Sogn og Fjordane. Torbjørn Vereide er samstundes valt inn som nytt styremedlem.
Kven fortener årets fylkeskulturpris?
05. oktober 2017Kjenner du nokon som fortener ekstra merksemd for kulturinnsatsen sin, som du rett og slett meiner burde få fylkeskulturprisen 2017?
Ny fredingssak i Fjærland
05. oktober 2017Sogn og Fjordane fylkeskommune har starta fredingssak for Hotell Mundal i Fjærland.
Høyring – Planprogram for Regional plan for kultur
03. oktober 2017Planprogram for regional plan for kultur er lagt ut på høyring. Fristen for å kome med innspel og merknader er 1. desember 2017.
Feira gamal og ny veg over Filefjellet
29. september 2017Det var vegfest i Lærdal og Vang 29. september. Då var det avduking av plakett for og feiring av europeisk pris til Kongevegen og ikkje minst opning av ny delstrekning på E16 over Filefjellet.
Fotokonkurranse: Ta bilete av #skulenmin
29. september 2017Kva er skule for deg? Fylkeskommunen og fylkesarkivet inviterer til fotokonkurranse med månadlege premiar og ein hovudpremie på 3000 kr.
Skal utvikle K1 i Høyanger
21. september 2017Hovudutval for næring og kultur skal i møtet 26. september peike ut fylkeskommunen sin representant i styringsgruppa for prosjektet «K1 Høyanger – ein spektakulær attraksjon i hjartet av Norge».
Signerte to nasjonale kulturavtaler
19. september 2017Konferansen «Felles barn, felles ansvar» i Førde sist veke vart åstad for signeringa av viktige avtalar om kultur for barn og unge.
130 til konferanse om barn, unge og kultur
13. september 2017Felles barn, felles ansvar heiter konferansen som går av stabelen i Førde 14. og 15. september. Her skal tilsette i kommunane dele erfaringar om og få inspirasjon til arbeid med kultur for, av og med barn og unge.
Kulturhus på kartet
13. september 2017No kan du finne organisasjonseigde hus i Sogn og Fjordane på Fylkesatlas. Kartbasen vert open og tilgjengeleg for alle.
Idrettsparken – framtidas samlingsstad?
13. september 2017Årets idrettsanleggskonferanse vert på Skei 18. oktober. Tema er utvikling og drift av idrettsanlegg – og ikkje minst korleis vi kan tenkjer nytt om dette i framtida.
Markerte fredinga av Heimdalstrand
11. september 2017Om lag 100 personar fann vegen til kunstnarbustaden Heimdalstrand søndag 10. september for å delta på fredingsmarkeringa. Dei fekk sjå det restaurerte huset og høyre historia knytt til det.
Fagsamling om fysisk aktivitet og kulturbygg
05. september 2017Alle kommunane i fylket var inviterte på fagsamling om fysisk aktivitet og kulturbygg tysdag 29. august. Tema var hovudsakleg spelemidlar, dagsturhytte-prosjektet, samt synfaringar hjå nybygde idrettsanlegg.
Fredingsmarkering på Heimdalstrand
05. september 2017Det vert markering av fredinga av eigedomen Heimdalstrand i Balestrand søndag 10. september. Arrangementet er ope for dei som har lyst å delta.
Kulturminneplansamling 6. og 7. september
25. august 2017Fylkeskommunen invitere alle kommunane som har delteke i prosjektet «Lokale kulturminneplanar» til samling i Førde onsdag 6. og torsdag 7. september.
Ny rettleiar for privat bruk av metallsøkar
17. august 2017Metallsøking fører til funn av mange arkeologiske gjenstandar som er viktige for forsking, formidling og forvaltning. No er det kome ein nasjonal rettleiar for privat bruk av metallsøkar.
Nytt program i Den kulturelle skulesekken
17. august 2017Den kulturelle skulesekken er i år pakka med eit stort utval engasjerande og varierte opplevingar. Det blir mellom anna kubanske rytmar, samisk verdsmusikk, nynorsk thrillerteater, tidsreiser og museumsbesøk.
Fagdag om musikk i eldreomsorga
16. august 2017Nettverket Miljøbehandling i eldreomsorga inviterer til fagdag på Skei i Jølster 27. september. Musikk er hovudtema, og deltakarane kan velje mellom to ulike seminar.
Ny festivalstrategi
07. juli 2017Sogn og Fjordane fylkeskommune har for første gong laga ein eigen festivalstrategi, som prioriterer seks festivalar i fylket.
Fylkesarkivet med verda som arena
07. juli 2017Den digitale teknologiutviklinga og bruk av sosiale medieplattformar gjer at fylkesarkivet sitt kjeldemateriale når ut til brukarar rundt om i heile verda. Fylkesarkivet vel å legge ut mykje materiale fritt tilgjengeleg på nett, og legg på den måten til rette for bruk og deling langt ut over fylkesgrensene.
Korleis står det til med kulturen i Sogn og Fjordane?
05. juli 2017Sogn og Fjordane er det ellevte beste kulturfylket i landet, ifølgje Norsk kulturindeks 2016. Blant kommunane i fylket kjem Gloppen best ut. Kva kjenneteiknar eigentleg gode kulturkommunar?
Via Ferrata kan få spelemidlar
30. juni 2017Klatreanlegg som ønskjer å etablere Via Ferrata kan no søkje tilskot frå spelemiddelordninga. Det er klart etter at Kulturdepartementet har oppdatert føresegnene for ordninga.
Verdsarvforum 2017
16. juni 2017Norges verdensarv arrangerte årets verdsarvforum i Hammerfest 12.–14. juni. Der deltok representantar frå begge verdsarvområda i Sogn og Fjordane.
Klare for UKM-festivalen 2017
13. juni 201720 ungdomar frå Sogn og Fjordane reiser onsdag 21. juni til UKM-festivalen i Sandnes.
Gaular får mest spelemidlar per innbyggjar
01. juni 2017Spelemidlane til Sogn og Fjordane er fordelte, og Gaular toppar lista over flest kroner per innbyggjar. I den andre enden av skalaen finn vi Selje, som ikkje søkte om tilskot i år.
Kan vi måle kultur?
01. juni 2017Fylkesdirektør for næring og kultur, Jan Heggheim, diskuterer måling av kultur og kulturinnsats på kulturbloggen denne veka.
Mytar og fakta om kulturminne
29. mai 2017Kronikk av fylkesdirektør for næring og kultur, Jan Heggheim.
Musikk-kafé i Florø
29. mai 2017To masterstudentar frå Universitetet i Bergen har i fire veker vore i praksis hjå nærings- og kulturavdelinga i Sogn og Fjordane fylkeskommune. Dei har mellom anna vore med å arrangere musikk-kafé i Florø, i samarbeid med den kommunale tiltakstenesta innan rus og psykiatri.
100 millionar til nytenking innan fysisk aktivitet
19. mai 2017Kva med eit anlegg som er tilrettelagt for boksing, buldring og bordtennis – samstundes?
Prisdryss over Kongevegen
16. mai 2017Kongevegen over Filefjell fekk Grand Prix-prisen frå fagjuryen og andreplass i publikumsprisen under European Heritage Awards Ceremony i Finland 15. mai.
Skal vidareutvikle verdsarvområdet på Ornes
08. mai 2017Verdsarvrådet for Urnes stavkyrkje og tilhøyrande område arbeider blant anna med å etablere eit verdsarvsenter på Ornes.
Søkjer byggmeister til dagsturhyttene
03. mai 2017Sogn og Fjordane fylkeskommune har lyst ut anbod om bygging, frakt og montering av dagsturhytter i alle kommunane i fylket.
Får historisk mykje i spelemidlar
28. april 2017Regjeringa har løyvd 53 266 000 kroner av spelemidlane til Sogn og Fjordane. Det er meir enn ei dobling frå 2012.
Har fått midlar til nynorske turbibliotek
28. april 2017Fylkesbiblioteket har fått støtte frå Nasjonalbiblioteket til prosjektet Nynorske turbibliotek i Sogn og Fjordane. Biblioteka skal inn i dagsturhyttene som skal byggast i alle kommunane våre.
Vellukka konferanse om musikk og psykisk helse
27. april 201724. april arrangerte Høgskulen på Vestlandet og Sogn og Fjordane fylkeskommune konferanse om musikkterapi, rus og psykisk helse. Konferansen hadde 136 deltakarar. Her er ei oversikt over presentasjonane og ei oppsummering frå dagen.
Kulturlandskapsprisen til Leif Magne Sylvarnes
26. april 2017Sylvarnes får prisen for arbeidet sitt med landbruk og skjøtsel på den veglause garden Sylvarnes i Vik kommune.
Konferanse om musikk og psykisk helse
05. april 2017Høgskulen på Vestlandet og Sogn og Fjordane fylkeskommune inviterer til konferanse om musikkterapi, rus og psykisk helse måndag 24. april i Førde. På programmet finn du sentrale forelesarar innan fagfeltet.
Europeisk kulturminnepris til Kongevegen
05. april 2017Kongevegen over Filefjell har fått EUs kulturminnepris/Europa Nostra-pris i kategorien Bevaring.
Fylte Høyanger med ung kunst og kultur
03. april 2017UKM-festivalen Sogn og Fjordane 2017 er over. 300 ungdommar frå heile fylket har fylt Høyanger med liv og røre frå start til slutt.
Turboprisen 2017 til Sogndal, Leikanger og Luster
03. april 2017UKM Norge deler i år ut Turboprisen til Sogndal, Leikanger og Luster for det gode arbeidet dei gjorde då dei arrangerte felles UKM-mønstring i februar.
Klart for UKM-festivalen i Høyanger
29. mars 2017Gruppa A thousand pandas frå Bremanger, dansaren Jeanne Nsabimbona frå Vik og konferansier Solveig Djupegot frå Gloppen i Høyanger er blant dei du møter i Høyanger i helga. Då er det nemleg tid for årets UKM-festival for Sogn og Fjordane.
Kartlegg tilgjenge i fire skianlegg
24. mars 2017Fylkeskommunen skal no undersøkje kor tilgjengelege skianlegga i Luster, Sogndal, på Eid og Jølster er for personar med funksjonsnedsetting.
Glimt frå Kulturkonferansen 2017
24. mars 2017To dagar, 20 innleiarar og over 90 deltakarar. Kulturkonferansen 2017 har gitt mange gode diskusjonar og refleksjonar rundt kultur og kulturpolitikk i reformtider. Her er nokre smakebitar frå konferansen.
Søk kunstnaropphald i Berlin
21. mars 2017Lærdal næringsutvikling i samarbeid med Hardanger kunstlag ønsker å sende kunstarar i Sogn og Fjordane på kunstnaropphald i Berlin. Søknadsfrist for opphald i perioden juli - august - september er 10. april.
Rekordstor søknadssum
17. mars 2017Fylkeskommunen har godkjent spelemiddelsøknadar om til saman 211 millionar. Søknadssummen har aldri vore høgare, og i 2014 var summen på 124 millionar.
Ny plan for kulturarv i Eid
16. mars 2017Eid kommune har denne veka kunngjort den ferske kulturminneplanen sin. Planen inneheld mellom anna ein handlingsdel med tiltak for å kartlegge, synleggjere og sikre kulturminna i kommunen.
Ung kultur møtest i Høyanger
15. mars 2017UKM-festival Sogn og Fjordane vert arrangert i Høyanger 31. mars–2. april.
Løyvde pengar til og besøkte Heimdalstrand
09. mars 2017Hovudutval for næring og kultur løyvde 7. mars 420 000 kr til eigedomen Heimdalstrand i Balestrand og hadde også ei synfaring på den freda eigedomen.
SAMAN: konferanse om brukar - og pårørandemedverknad i eldreomsorga
06. mars 2017Sogn og Fjordane fylkeskommune, Utviklingssenteret for sjukeheimar og heimetenester i Sogn og Fjordane og Høgskulen på Vestlandet inviterer til konferanse om brukar- og pårørandemedverknad i eldreomsorga torsdag 06. april på Thon Hotel Jølster på Skei.
Lokale kulturminneplanar gav statlege kroner
02. mars 2017Gro-bygget i Hornindal, Selje kloster og Kystpilegrimsleia har fått til saman 750 000 kr i statlege verdiskapingsmidlar frå Riksantikvaren.
Fordeler 6,2 millionar kroner til freda bygg
28. februar 2017Fylkesdirektøren føreslår å løyve over 1,1 million kroner til Ormelid i Luster når hovudutvalet for næring og kultur skal fordele 6,2 millionar kroner til freda bygningar 7. mars.
Finn fram i jungelen av tilskot
27. februar 2017Er du engasjert i frivillig sektor? Bli med på gratis samling 1. april for å lære meir om kvar du kan sikre deg pengar, og korleis du søkjer.
Kva med kulturpolitikken i reformtider?
27. februar 2017Kommunar kan bli større, og dagens fylke kan bli til større regionar. Men kva skjer med kulturpolitikken og den lokale kulturutviklinga oppi det heile?
Samling om tilskotsordningar for frivillig sektor
22. februar 2017Fylkeskommunen inviterer saman med Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og Gjensidigestiftelsen frivillig sektor i Sogn og Fjordane til samling om tilskotsordningar. Samlinga vert laurdag 1. april på Thon Hotel Jølster, Skei.
Samlar kunst og kultur i Kulturtanken
19. februar 2017Kulturtanken er den nye statlege etaten for kunst og kultur til barn og unge i skulealder. Tanken rommar Den kulturelle skulesekken og alt som tidlegare låg under Rikskonsertane.
Statleg sikring av friluftsområde: regionsamling
20. februar 2017Sogn og Fjordane fylkeskommune inviterer til samling tysdag 28. februar på Gloppen Hotell.
To millionar til lokale kulturbygg
19. februar 2017Sogn og Fjordane fylkeskommune, Huset i Bygda og Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane samarbeider om utvikling av kulturbygg og lyser no ut til saman to millionar kroner.
Meld deg på kulturkonferansen 2017
17. februar 2017Velkomen til Kulturkonferansen 2017. Den går av stabelen 23. og 24. mars på Scandic Sunnfjord Hotell. Tema i år er «Kulturpolitikk i reformtider».
Kulturminne på dagsorden
17. februar 2017Denne veka vart Stryn sin kulturminneplan lagt ut på høyring. Fleire kommunar i fylket jobbar med å utarbeide kulturminneplanar. Målet med dette er å styrke kompetansen om kulturminne i kommunane og få betre oversikt over verneverdige kulturminne.
Tilskot til kulturarbeid og lokale kulturbygg
16. februar 2017Fylkeskommunen lyser no ut kulturmidlar, kunstnarstipend og tilskot til kulturbygg for 2017.
Same kvar vi kjem frå i verda, syng vi for borna våre
13. februar 201710. juli 2016 var konserten "Sulla meg litt du mamma mi - grenselause voggesongar" på programmet til Førdefestivalen. Konserten var laga av og framført med innvandrarkvinner busett i Sogn og Fjordane.
Thea spelar for over 4000 elevar
31. januar 2017Thea Hjelmeland spelar i desse dagar for over 4000 elevar ved dei vidaregåande skulane i fylket. Den kritikarroste artisten frå Førde er på turné med Den kulturelle skulesekken (DKS).
Sjumilsstegkonferansen "God nok" 2017
30. januar 201715. – 16. mars inviterer Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, Sogn og Fjordane fylkeskommune, NAV, Høgskulen på Vestlandet til Sjumilsstegkonferansen 2017.
Rekordhøg søknadssum om spelemidlar
26. januar 2017Sogn og Fjordane søkjer i år om 218 millionar kroner i spelemidlar, 1981 kroner per innbyggjar. Det er meir enn nokon gong, og berre Nord-Trøndelag søkjer om meir per innbyggjar.
Kurs i digital formidling
25. januar 2017Onsdag 18. januar heldt skuleprosjektet «Skulen min» kurs i digital formidling i Hyllestad kommune.
Her er URG Sogn og Fjordane
23. januar 2017Ungdommens ressursgruppe (URG) i Sogn og Fjordane er fem ungdomar som skal vere med å utvikle UKM – Ung kultur møtest.
Spennande arkeologiske funn
20. januar 2017Sogn og Fjordane fylkeskommune gjennomførte arkeologiske registreringar i Øvstedalen i Sogndal hausten 2016. Det resulterte i fleire nye, arkeologiske funn.
Heimdalstrand er freda
11. januar 2017Riksantikvaren har vedtatt å frede eigedomen og kunstnarbustaden Heimdalstrand i Balestrand kommune.
Bli med på UKM 2017
10. januar 2017Det vert lokalmønstringar for UKM (Ung kultur møtest) i dei fleste kommunane i fylket frå slutten av januar til midten av mars.
Gir seg etter 28 år som fylkesmusikar
21. desember 2016Oddbjørn Ramstad har spreidd musikkglede med både trekkspel og toradar i sine 28 år som fylkesmusikar.
TV Bra etablerer seg i Sogn og Fjordane
20. desember 2016– Dette er den beste julegåva vi kunne ha fått, seier musikkterapeut Jorunn Bakke Nydal om at TV Bra – ein nett-tv-kanal av og med utviklingshemma – no etablerer seg på heile Vestlandet.
Slik blir "Sogn og Fjordane-hytta"
19. desember 2016Rojo arkitekter i Trondheim skal teikne dagsturhytta som skal byggast på turmål i alle kommunane i Sogn og Fjordane. Stiftinga til Sparebanken Sogn og Fjordane har løyvd 5,2 millionar kroner til prosjektet.
Jul i skulehuset
15. desember 2016Onsdag 07.12.07 arrangerte prosjektet "Lev vel", Flora historielag og Sogn og Fjordane fylkeskommune den tredje forteljarkafeen på Kystmuseet i Florø.
Kulturminneplansamling
15. desember 2016Sogn og Fjordane fylkeskommune inviterer kommunar som jobbar med lokale kulturminneplanar til samling i Førde tysdag 24. og onsdag 25. januar.
Ny nettstad og litterær kanon
09. desember 2016Fylkesbiblioteket i Sogn og Fjordane lanserer i dag nettstaden forfattarar.sfj.no, og Ove Eide presenterer framlegget sitt til litterær kanon for fylket.
Ny styreleiar for Førdefestivalen
09. desember 2016Tone Winje er oppnemnt som ny styreleiar for Førdefestivalen for perioden 2017–2018.
Kulturfestivalen 2017
08. desember 201624.–26. mars 2017 er det klart for den 29. kulturfestivalen for utviklingshemma i Sogn og Fjordane.
Tok imot fylkeskulturprisen
06. desember 2016Ove Henning Solheim fekk i dag det handfaste beviset på at han sjølv og Dans Uten Grenser er årets vinnarar av fylkeskulturprisen.
21 vil teikne dagsturhytte
24. november 2016Fylkeskommune mottok 21 forslag i arkitektkonkurransen for å teikne dagsturhytta for Sogn og Fjordane innan fristen.
Fylkeskulturpris til dans
22. november 2016Prisvinnar Ove Henning Solheim og Dans Uten Grenser har 10 års jubileum i Sogn og Fjordane i 2016, og set ungdom i sentrum. Fylkeskulturprisen 2016 blir delt ut under fylkestinget 6. desember.
Restmidlar til seks anlegg
22. november 2016Etter tildeling av 47 millionar kroner i spelemidlar tidlegare i år står det pengar att. Difor får no seks nye anlegg støtte på til saman 1,245 millionar.
Kurs i søknadsskriving
15. november 2016Skal du søkje om tilskot til kulturminne i verdsarvområdet i Nærøyfjorden? Fylkeskommunen og Nærøyfjorden Verdsarvpark hjelper deg med søknaden 24. november.
Kven får fylkeskulturprisen?
15. november 2016Hovudutval for næring og kultur avgjer 22. november kven som får fylkeskulturprisen for 2016.
Nettverkssamling 2016
14. november 201619. og 20. november er det nettverkssamling for ungdomsråd på Skei i Jølster.
Fridtjov Urdal fortel frå si eiga skuletid
11. november 2016Prosjektet "Lev vel", Flora historielag og Sogn og Fjordane fylkeskommune arrangerte Forteljarkafe på Kystmuseet 6. oktober. Fridtjov Urdal haldt eit innlegg om si eiga skuletid som prosjektet "Skulen min" har fått lov til å transkribere og publisere her. God lesing!
Då klokka klang
07. november 2016Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane markerer den nasjonale Arkivdagen med temaet «Då klokka klang».
Best i landet på DKS
07. november 2016Sogn og Fjordane fylke har fått førsteplass på Norsk kulturindeks 2016 når det gjeld tilbod i Den kulturelle skulesekken (DKS). Vi deler førsteplassen med Telemark fylke.
15 kandidatar til kulturprisen
04. november 2016Fristen for å nominere kandidatar til fylkeskulturprisen 2016 gjekk ut 1. november. Det har kome inn 15 forslag til prisen.
Innspel til anleggsutvikling
01. november 2016Hovudutval for næring og kultur har gitt innspel til utviklinga av den statlege politikken om etablering av idrettsanlegg.
Vil frede Heimdalstrand
28. oktober 2016Hovudutval for næring og kultur vil frede eigedomen Heimdalstrand i Balestrand. Riksantikvaren tek den endelege avgjersla.
Alle vil ha dagsturhytte
21. oktober 2016Alle kommunane fylket har sagt ja til å byggje ei dagsturhytte, tre kommunar vil til og med ha to. Over 70 arkitektkontor har meldt si interesse for å vere med å teikne hytta.
”Du må starte frå grunnen av…”
20. oktober 2016Sissel Ørstavik Aase har skrive ei masteroppgåve i folkehelsevitskap, der temaet er knytt til Sogn og Fjordane fylkeskommune sitt arbeid med kultur og helse.
Tilskot til ballbingar
19. oktober 2016Det er mogleg å få dekka ein stor del av kostnaden ved rehabilitering av ballbinge gjennom spelemiddelordningar. Vi er no i siste året der ein og kan få 10 000 kr i støtte frå Sparebankstiftinga til utskifting av kunstgras i bingen.
Konferanse om kulturbygg
13. oktober 2016Huset i bygda inviterer til konferanse for alle som er engasjerte i eit av dei 400 lokale kulturbygga i fylket. Konferansen skal gje inspirasjon til utvikling av aktiviteten i bygga, korleis ein kan skape gode møteplassar lokalt, og tips til søknadsskriving.
Turhytter for dei fleste
12. oktober 2016Nye dagsturhytter skal få folk i fylket ut på tur – og ned i stolen med nynorsk litteratur. Målet er minst ei dagsturhytte i kvar kommune i fylket.
Forteljarkafe på Kystmuseet
07. oktober 2016Den første Forteljarkafeen gjekk av stabelen onsdag 6. oktober på Kystmuseet i Florø.
Hovudutvalsmøte i Kaupanger
07. oktober 2016Utvalet var på bedriftsbesøk og fekk eit innblikk i breidda i nærings- og kultursatsingar i Kaupanger.
Utviklingsavtale om kulturbygg
23. september 2016Sogn og Fjordane fylkeskommune har inngått utviklingsavtale med Sogn og Fjordane ungdomslag. Målet er å finne samarbeidsformer som gjer at kompetansen i begge organisasjonane vert nytta og utvikla til beste for begge partar og for samfunnet.
Fylkeskulturprisen 2016
03. oktober 2016Kjenner du nokon som fortener ekstra merksemd for kulturinnsatsen sin? No kan du føreslå kandidatar til fylkeskulturprisen 2016.
Nordisk verdsarvkonferanse
29. september 2016Fylkesvaraordførar Åshild Kjelsnes deltok på den nordiske verdsarvkonferansen i Reykjavik 21.–23. september. Hovudtema var turisme i verdsarvstadane og samarbeid mellom dei.
Ny styreleiar for SoFT
28. september 2016Rasmus Mo frå Sogndal er innstilt som ny styreleiar for Sogn og Fjordane teater.
Song for inkludering
20. september 2016I kva grad kan song vere ein integreringsarena? Bli inspirert og skaff deg ny kompetanse på konferansen «Sang for inkludering og integrering» i oktober.
Samling for Kulturnettverk Sogn i Høyanger
14. september 2016Førre veke var fylkeskommunen med på samlinga til Kulturnettverk Sogn i Høyanger. Status, oppfølging og vidare arbeid med Lokale kulturminneplanar var hovudtema for møtet.
Skulehus og kulturbygg
14. september 2016I mange kommunar er tidlegare skulehus no vorte kulturbygg. Fylkeskommunen deltek på «Huset i Bygda» sine regionsamlingar i Selje og Vågsøy i september. Der skal vi snakke om arbeidet med prosjektet «Skulen min». Kartlegginga av skulehus og historieformidling er sentrale tema.
Kulturminnesatsing i kommunane
13. september 2016Fylkeskommunen vidarefører satsinga på lokale kulturminneplanar. Ny prosjektleiar er tilsett i eitt år frå 15. august 2016. I denne perioden skal kommunane få hjelp til å kome i mål med sine kulturminneplanar.
Biblioteka: Barn les meir
29. august 2016Det blir lånt ut fleire barnebøker i fylket, e-boklånet veks, og talet på arrangement i biblioteka aukar stadig. Dette syner folkebibliotekstatistikken 2015 for Sogn og Fjordane, gjennomgått av fylkesbiblioteket.
Nyopning av Kongevegen
27. august 2016Denne helga markerer vi nyopninga av den gamle ferdselsvegen mellom Sogn og Valdres, Kongevegen over Filefjell. Fylkeskommunen har hatt koordineringsansvar for verdiskapingsdelen av prosjektet som har restaurert Kongevegen. Fylkesordførar Jenny Følling skriv om dette på Kulturbloggen.
Presentasjonar frå kurs i spelemidlar og infrastrukturmidlar
26. august 2016Her finn du presentasjonar og nyttig informasjon frå kursa i spelemidlar og midlar til infrastruktur til reiselivet som nærings- og kulturavdelinga har arrangert i august.
Kvinneforbilde
18. august 2016I litt over hundre år har kvinner hatt full stemmerett. Både før og etter 1913 har kvinnekamp vorte kjempa på mange ulike arenaer. Kvinnene i Sogn og Fjordane har tradisjonelt ikkje gitt så høg lyd frå seg. Men også vi har «pionerkvinner» som har sett sine spor, bana vegen for dei verdiane og den plassen kvinner i dag har, i sine lokalsamfunn og i det store samfunnsbiletet. Kvinneforbilder. Vi presenterer nokre av desse på Instagram og Facebook. Du kan nominere dine eigne kvinnelege forbilde! Merk ditt bilete #kvinneforbilde
Les meir på kvinnestemmer.net.
Talenta kjem heimatt med skulesekken
12. august 2016Vi kan by på dans, eksotisk musikk, scenekunst, visuell kunst og litteratur når vi no opnar årets kulturelle skulesekk for elevane i fylket.
Musikk i eldreomsorga
09. august 2016Fylkeskommunen, høgskulen og Utviklingssenter for sjukeheim og heimeteneste i Sogn og Fjordane inviterer til konferansen «Når orda sluttar», om musikk og musikkterapi i eldreomsorga. Målet er å motivere kommunane til å tenkje tverrfagleg i eldreomsorga, samt å heve musikkkompetansen blant helsepersonell.
Den tidlege skulehistoria i Solund
29. juli 2016Startskotet for folkeskulen gjekk ved innføringa av konfirmasjonen i 1736. Ingen kunne konfirmerast utan å ha fått undervisning i kristendom. Men det gjekk lang tid før kommunane kunne tilby god og stabil utdanning til alle born. I Solund fekk dei sitt første skulehus på Indrevær i 1844.
Kulturnett på Instagram
28. juli 2016Historiske bilete er ein fantastisk skatt frå fortida. Gjennom foto kan ein få eit innblikk i ei tid som for mange er ukjend og framand. Kulturnett SFJ ønskjer å dele historiske foto på nett, og har difor etablert ein Instagram-konto: kulturnettsfj
Sagaløypa – eit innblikk i fortida
19. juli 2016Vi har alle høyrt ei og anna historie om stadane som betyr noko for oss. Det som har skjedd før er med å forme staden slik som den er i dag. Kvar stad har sine særtrekk som gjer den litt annleis enn andre stadar. Sagaløypa som opnar 21. juli, tar deg med gjennom Nordfjordeid si kulturhistorie og gjev deg eit innblikk i fortida.
Nettverksarbeid i eldreomsorga
08. juli 2016Ein ny rapport om nettverket Miljøbehandling i eldreomsorga viser at nettverksarbeidet har vore positivt og meinigsfullt for praksisfeltet.
Fylkesdirektør

Jan Heggheim
fylkesdirektør for næring og kultur
jan.heggheim@sfj.no
905 66 623
Ingebjørg Erikstad
assisterande fylkesdirektør for næring og kultur
ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941