Foto av fylkesordførar Jenny Følling og fungerande fylkesvaraordførar i Hordaland, Roald Kvamme. Biletet er teke inne i Stortinget.
Foto av fylkesordførar Jenny Følling og fungerande fylkesvaraordførar i Hordaland, Roald Kvamme. Biletet er teke inne i Stortinget.

Fylkesordførar Jenny Følling og fungerande fylkesvaraordførar i Hordaland, Roald Kvamme.

I Stortinget med regionreforma som tema

Fleire oppgåver til regionane og lokalisering av leiinga for Fylkesmannen var blant tema då fylkesordførar Jenny Følling og fungerande fylkesvaraordførar Roald Kvamme i Hordaland vitja Stortinget 2. mai.

Dei to stilte som felles høyringsinstans då kommunal- og forvaltningskomiteen inviterte til høyring om regionreforma. Intensjonsplanen for samanslåing av Sogn og Fjordane og Hordaland var utgangspunktet til Følling og Kvamme.

Gode føresetnadar for nye oppgåver

Begge hadde venta at regjeringa i stortingsproposisjonen skulle føreslå fleire konkrete oppgåver som kan overførast frå staten til regionalt folkevalt nivå. Då det ikkje skjedde, set dei to politikarane no si lit til Stortinget.

 – Større folkevalde regionar vil ha gode føresetnadar for å drive god regional samfunnsplanlegging og kan tilby fleire viktige velferdstenester som staten leverer i dag, slår fylkesordførar Jenny Følling fast.

Leiinga for Fylkesmannen til Leikanger

Eit anna tema Følling og Kvamme var særleg opptekne av er at leiinga for den nye Fylkesmannen i Sogn og Fjordane og Hordaland, må liggje på Leikanger – som det står i intensjonsplanen dei to fylkestinga har vedteke.

– Vi vil presisere at dette er ein del av den totale kabalen i oppgåvedelinga mellom Sogn og Fjordane og Hordaland og ein viktig føresetnad både for planen og for dei to fylkestingsvedtaka. Leiinga for fylkesmannsembetet skal leggjast til Sogn og Fjordane, medan leiinga for fylkeskommunen ligg i Hordaland, seier Følling.

Vil halde på tannhelsa

Eit anna aspekt som vart trekt fram av både Sogn og Fjordane og Hordaland og andre høyringsinstansar, var at dei nye fylkeskommunane framleis må ha ansvaret for den offentlege tannhelsetenesta.

Her kan du lese det felles notatet som vart sendt fram til kommunal- og forvaltingskomiteen frå dei to fylkeskommunane.

For meir informasjon

Jenny Følling
fylkesordførar
jenny.folling@sfj.no
479 05 990

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontaktinfo

Jenny Følling
fylkesordførar
jenny.folling@sfj.no
479 05 990

Åshild Kjelsnes
fylkesvaraordførar
ashild.kjelsnes@sfj.no
918 88 568

Kristin Rundsveen
rådgjevar for fylkesordføraren
kristin.rundsveen@sfj.no
908 90 713