Illustrasjon av ein hydrogendriven hurtigbåt. Båten er kvit, med eit blått H2-symbol på sida. Rundt båten ser vi berre sjø.

Illustrasjon: Brødrene Aa

Hydrogensatsing set Sogn og Fjordane på verdskartet

Maritim fornybar energi og hydrogen står på agendaen når næringsliv og andre aktørar frå heile verda samlast i Florø 12.–14. september.

Den regionale aktiviteten kopla opp mot hydrogen som energiberar får merksemd langt ut over landegrensene. No inviterer Maritim Forening Sogn og Fjordane, GCE Subsea og Sogn og Fjordane fylkeskommune til ein internasjonal konferanse om temaet.

Konferansen er open for alle, og praktisk informasjon og program ligg på nettsida til GCE Subsea.

Internasjonal interesse

Det er venta mellom 100 og 150 personar til Florø desse dagane, og til no har det meldt seg på deltakarar frå elleve nasjonar. Dei mest langvegsfarande kjem frå USA, Canada og New Zealand.

– Den globale interessa stadfestar at det regionale næringslivet og fylkeskommunen er langt framme i hydrogensatsinga si. Det er veldig kjekt å oppleve, seier Maria, Trond og Elisabet frå arrangementskomiteen. 

Stort kraftoverskot

Saman har dei tre arrangørane sett saman eit rikhaldig program. Utgangspunktet er Sogn og Fjordane som arena for satsing på hydrogen og maritim fornybar energi.

– Fylket vårt har eit stort kraftoverskot. Lagring av elektrisk kraft i form av hydrogen kan gje auka lokal verdiskaping i fleire bransjar, til dømes gjennom utvikling av nullutslepp transportløysingar, seier Elisabet Kjerstad Bøe, prosjektleiar for det fylkeskommunale prosjektet Hydrogen Region Sogn og Fjordane.

Maritim fornybar energi

Sogn og Fjordane har ei lang kystline med rikeleg vind og bølgjer, og i tillegg stabile tidevasstraumar.

– Tilgang til kvalifisert maritim kompetanse gjer at næringslivet i fylket kan levere tekniske løysingar for å utvikle desse ressursane, legg Maria Brandsøy i Maritim Forening Sogn og Fjordane til.

Det er allereie fleire lokale bedrifter som er engasjerte innanfor maritim fornybar energi.

Leiande på subseateknologi

Norske bedrifter er verdsleiande på subseateknologi. Trond Strømgren i GCE Subsea har kontor i Florø og representerer næringa.

– Vi kan nytte mykje av subseakompetansen på nye felt, til dømes innan maritim fornybar energi, seier Strømgren.

Døme på dette er oppankring av flytande offshore vindmøller, samt konstruksjon og drift av tidevassturbinar.

Global merksemd

Det at både næringslivet og fylkeskommunen satsar på hydrogen som ein energiberar for framtida har vore eit vellukka samarbeid så langt. Særleg har prosjektet som omhandlar design og bygging av ein 30 meter lang hurtiggåande passasjerbåt, med framdriftssystem basert på hydrogen, fått mykje merksemd.

Brødrene Aa, Flora Skyssbåt og Flora kommune er blant dei involverte partane i dette prosjektet, der Maritim Foreining Sogn og Fjordane har prosjektleiinga. Ekstern finansiering er henta frå Innovasjon Norge og fylkeskommunen si støtteordning med midlar frå Sparebankstiftinga.

For meir informasjon

Maria Brandsøy
Maritim Foreining Sogn og Fjordane
905 23 543

Trond Strømgren
GCE Subsea
402 98 729

Elisabet Kjerstad Bøe
Sogn og Fjordane fylkeskommune
915 91 548

Del dette:

Relaterte lenker