Gruppebilde av hovudutval for næring og kultur
Gruppebilde av hovudutval for næring og kultur

Hovudutval for næring og kultur. Foto: Sogn og Fjordane fylkeskommune/Miriam Kayser Digernes

Hovudutvalsmøte i Kaupanger

Utvalet var på bedriftsbesøk og fekk eit innblikk i breidda i nærings- og kultursatsingar i Kaupanger. 

Eg tykkjer det er viktig at vi møter ein variasjon av nærings- og kulturaktørar i heile fylket, seier Karen Marie Hjelmeseter, leiar i hovudutval for næring og kultur.

Utvalet har stor breidde i sine saker. Å snakke direkte med dei det gjeld, gir både nyttig kunnskap og inspirasjon til det arbeidet vi som politikarar skal gjere.

27. september var utvalsmøtet lagt til Kaupanger.

Besøk hjå Jatak og De Heibergske Samlinger

Dagen starta med besøk hjå trekonstruksjonsbedrifta Jatak. Salsjef Jan Lerum gav ei innføring i drifta og ei omvising på området. Jatak utvidar stadig produksjonen og har i dag 45 tilsette. 

Etterpå besøkte utvalet De Heibergske Samlinger – Sogn Folkemuseum. Avdelingsdirektør Aud Ross Solberg fortalde om museet si historie før ho gav ei omvising i den nye utstillinga Vårt daglege brød og på uteområdet. Museet har hatt ein god sesong i år med over 2000 fleire besøkande enn i fjor.

Fornøgde samarbeidspartnarar

Etter bedriftsbesøka hadde Sogn og Fjordane Idrettskrins og Kaupanger Næringsråd presentasjonar for utvalet. Sogn og Fjordane Idrettskrins var representert med styreleiar Nils R. Sandal og organisasjonssjef Anne Leversund. Idrettskrinsen er særs nøgd med samarbeidet med fylkeskommunen og ønsker å vidareføre dette i framtida.

Kaupanger Næringsråd la fram spennande planar for mellom anna nytt vitensenter på Kaupanger, og korleis næringslivet kan kople forsking med dei ulike bedriftene i bygda.

Viktige saker på møtet var budsjett 2017, endringa av konsesjonslova, tiltak mot avlusing og  kapasitetsjusteringar i lakse- og aureoppdrett.

Protokoll frå møtet finn du her.

Karen Marie Hjelmeseter 2.jpg
Karen Marie Hjelmeseter, leiar i hovudutval i næring og kultur. Foto: Sogn og Fjordane fylkeskommune/Miriam Kayser Digernes

 

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Endre Høgalmen

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur
Endre.Hogalmen@sfj.no
952 07 789

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00