Fotocollage med tre bilete frå fylkesmeisterskapen i yrkesfag ved Sogndal vidaregåande skule i februar 2018. Det første biletet syner ein elev ved ei grøn maskin i ein stor verkstad, det neste er ei jente i kokkeuniform, som rører i ei panne, og det tredje er ein gut i ei gravemaskin.
Fotocollage med tre bilete frå fylkesmeisterskapen i yrkesfag ved Sogndal vidaregåande skule i februar 2018. Det første biletet syner ein elev ved ei grøn maskin i ein stor verkstad, det neste er ei jente i kokkeuniform, som rører i ei panne, og det tredje er ein gut i ei gravemaskin.

Foto: Medium og kommunikasjon, Sogndal vidaregåande skule

Hovudutvalet vedtok endeleg opplæringstilbod

Hovudutval for opplæring har i dag endeleg vedteke kva utdanningsprogram, og kor mange grupper, som startar opp ved dei vidaregåande skulane til hausten.

Justering av opplæringstilbodet for skuleåret 2019–20 stod på agendaen då hovudutvalet møttest på Fylkeshuset i Leikanger 27. mars. Utvalet justerte tilbodet som vart lyst ut i fjor haust, etter at søkjartala no er klare og ein ser kvar elevane i Sogn og Fjordane ønskjer skuleplass.

Vedtok justeringar

Hovudutvalet vedtok slike justeringar av det opphavleg utlyste tilbodet:

Dale vidaregåande skule

Det utlyste tilbodet vert endra slik

  • Vg1 teknikk og industriell produksjon vert auka frå 1 til 2 grupper

Eid vidaregåande skule

Det utlyste tilbodet vert endra slik

  • Vg1 teknikk og industriell produksjon vert auka frå 2 til 3 grupper

Firda vidaregåande skule

Det utlyste tilbodet vert endra slik

  • Vg1 studiespesialisering vert redusert frå 2 til 1 gruppe

Flora vidaregåande skule

Det utlyste tilbodet vert endra slik

  • Vg2 byggteknikk vert auka frå 1 til 2 grupper
  • Vg2 sal, service og sikkerheit vert redusert frå 1,5 til 1 gruppe

Mo og Øyrane vidaregåande skule

Det utlyste tilbodet vert endra slik

  • Vg1 restaurant- og matfag vert auka frå 1 til 2 grupper
  • Vg2 Bilskade, lakk og karosseri vert ikkje sett i gang

Måløy vidaregåande skule

Det utlyste tilbodet vert endra slik

  • Vg2 plast og kompositt vert ikkje sett i gang

Sogndal vidaregåande skule

Det utlyste tilbodet vert endra slik

  • Vg1 helse og oppvekst vert auka frå 2 til 3 grupper

Det at eit tilbod ikkje kjem i gang komande skuleår, betyr ikkje at det er lagt ned. Hovudutvalet rår til at hovudutval for opplæring og kompetanse i Vestland fylkeskommune gjer ei vurdering av ny utlysing av tilboda som ikkje er tilrådde å sette i gang for skuleåret 2019–2020.

For meir informasjon

Karianne Torvanger
leiar, hovudutval for opplæring
karianne.torvanger@sfj.no
996 06 484

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Fylkesdirektør

Bekka Skaasheim, fylkesdirektør for opplæring, passbilete

Bekka Skaasheim

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00