ka 5ukthnzu

Foto: Magnar Egil Øren Gangsø

Hornindal: Nakkebruna

Dagsturhytta i Hornindal heiter Nakkebruna, og passar fint som turmål for barnefamiliar. Dagsturhytta ligg ved stien til Ytrehornsnakken, og har god utsikt mot Hornindalsvatnet, Grodås og inn Hornindal. Namnet kjem av fjellhamaren Nakkebruna som ligg like nedom hytta.

Hytta er på plass, men er ikkje opna. Dette skuldast at det står igjen ein del arbeid med sikring av området, samt at det skal byggast ein platting. No må ein over eit ulendt og glatt område med mold og stein. Hytta vil opne vår eller tidleg sommar 2019. 

Tilkomst og parkering

Parkering ved Hornindal skule. Alternativt ved kommunal veg, der stien startar.

Stien til hytta

Dagsturhytta ligg berre eit steinkast frå trasèen for Hornindal Rundt løypa, og turen opp går i løypetrasèen. Følg vegen på sørsida av skulen, og gå over gangbrua til Ytrehorn. Gå rett fram, over fv. 726, og gjennom eit gardstun fram til kommunal veg. Følg vegen opp bakken, og ta til venstre ved merka løype. Stien vidare oppover er jamt bratt, og merka med kvite runde flekkar. Frå den kommunale vegen og vidare oppover er stien ikkje universelt utforma, og såleis ikkje lagd til rette forbruk av rullestol, trille eller barnevogn.

Avstandar

Hytta ligg på om lag 190 meter. Turen opp tek om lag 30 minutt i roleg tempo frå parkeringsplassen ved skulen.

 

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Kontaktperson i kommunen:

Ståle Hatlelid

57 87 98 23