Illustrasjon som syner fylkesvåpenet.
Illustrasjon som syner fylkesvåpenet.

Hordaland sa ja – kva no?

Fylkestinget i Hordaland har sagt ja til intensjonsplanen for samanslåing med Sogn og Fjordane. No skal fylka førebu samanslåing frå 2020, men framleis er det heile opp til Stortinget.

Fylkestinget i Hordaland vil framleis helst ha ein stor vestlandsregion der også Rogaland er med. Men så lenge dette ikkje er eit alternativ, då Rogaland sa nei til dette i desember, går Hordand for tofylkesløysinga. Du kan lese meir om fylkestingsvedtaket frå Hordaland her.

Fylkestinget i Sogn og Fjordane sa også ja til denne løysinga 2. februar, med føresetnad om at det blir ei reell, nasjonal regionreform.

Vidare planlegging i 2017

Planen vidare no er at dei to fylkestinga før sommaren skal oppnemne ei fellesnemnd, som skal førebu samanslåinga. Nemnda skal vere sett saman av fylkesutvala i dei to fylka og ha til saman 24 medlemmar. Intensjonsplanen slår fast at Hordaland får leiaren av nemnda, og Sogn og Fjordane nestleiaren.

Ei eventuell samanslåing vil gjelde frå 1. januar 2020, og tida fram til då skal nyttast til førebuingar. 2017 vert eit planleggingsår, der fylkeskommunane vil leggje brikkene meir på plass enn det som er gjort i intensjonsavtalen.  

2018 og 2019 vert år med meir gjennomføring av endringar, der større delar av organisasjonane skal involverast.

Stortinget avgjer i juni

Om det blir ei faktisk samanslåing, det er framleis opp til Stortinget å avgjere.

Fylkestinget i Sogn og Fjordane sa ja til samanslåing med føresetnad om det vert ei reell, nasjonal regionreform. Fylkestinget strekar under at ei slik reform må redusere tal fylke/regionar til om lag ti og leggje til rette for styrking av og overføring av oppgåver til det regionale, folkevalde nivået.

Regjeringa legg i vinter fram ein stortingsproposisjon der ho føreslår eit nytt regionkart. Så er det opp til Stortinget å vedta det nye kartet når det handsamar saka i juni 2017. Deretter skal det setjast ned eit ekspertutval, som skal vurdere ytterlegare oppgåveoverføring frå staten til regionalt folkevalt nivå.

Intensjonsplan for samanslåing av Sogn og Fjordane og Hordaland.

Les meir om arbeidet med regionreforma.

Tidsline for det vidare arbeidet med regionreforma på statleg nivå

Tidslineregionreforma.JPG
Kjelde: Kommunal- og moderniseringsdepartementet

For meir informasjon

Jenny Følling
fylkesordførar
jenny.folling@sfj.no
479 05 990

Tore Eriksen
fylkesrådmann
tore.eriksen@sfj.no
415 30 932

Ole I. Gjerald
ole.inge.gjerald@sfj.no
408 57 025

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontaktinfo

Jenny Følling
fylkesordførar
jenny.folling@sfj.no
479 05 990

Åshild Kjelsnes
fylkesvaraordførar
ashild.kjelsnes@sfj.no
918 88 568