Høyring - Utkast til skulebruksplan

Utkastet til skulebruksplan inneheld åtte alternative modellar for skulestruktur i Sogn og Fjordane. Alle modellane er konsekvensutgreidde. Fylkesutvalet vedtok i møtet 27. februar å sende utkastet til plan ut på brei høyring i fylket.

Fylkesperspektivet sentralt

Fylkeskommunen er særleg interessert i å få innspel på

  • Eventuelle nye variantar av modellane. Nye variantar må møte måla for prosessen slik desse er omtalte i planen.
  • Korleis lokalsamfunn og arbeids- og næringsliv meiner den vidaregåande opplæring bør vere organisert – gitt elevtalsprognosane og inntektsutsiktene som ligg føre.
  • Kva utdanningsprogram og programområde vil arbeids- og næringslivet særleg etterspørje – i prioritert rekkefølgje?
  • Korleis bør vi oppnå balanse mellom elevtal og tal elevplassar i ulike delar av fylket?

Høyringsinnspel som tek i vare fylkesperspektivet, vert særleg vektlagde.

Send innspel innan 26. april

Den samla dokumentasjonen som høyrer til utkastet til skulebruksplan er omfattande. Vi ber difor høyringsinstansane opplyse

  1. Kva punkt/kapittel i utgreiinga dei tek omtalar.
  2. Kva som eventuelt er å rekne som generelle merknadar.

Fylkesrådmannen arrangerer fire informasjonsmøte rundt om i fylket i høyringsperioden. Meir informasjon om møta.

Høyringsdokument

Utkast til skulebruksplan – med vedlegg

Meir informasjon i høyringsbrevet frå fylkesrådmannen

Høyringsfråsegner, innspel og merknadar kan sendast til postmottak.sentraladm@sfj.no eller til
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Askedalen 2
6863 Leikanger

Høyringsfristen er 26. april.

Meir om skulebruksplanen

For spørsmål om skulebruksplanen

Tor-Einar Holvik Skinlo
prosjektleiar
tlf.: 57 65 62 07
e-post: tor-einar.holvik.skinlo@sfj.no

For kommentarar til media

Tore Eriksen
fylkesrådmann
tlf. 415 30 932
e-post: tore.eriksen@sfj.no

Bekka Skaasheim
fylkesdirektør for opplæring
tlf. 57 65 62 10 / 415 30 956
e-post: bekka.skaasheim@sfj.no

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut