Høyring lokal- og hurtigbåtanbod i Sogn og Fjordane

Dagens kontraktar på lokalbåt i Sogn og Fjordane og hurtigbåt mellom Sogn og Fjordane og Bergen går ut 30.04.2022. I den forbindelse skal Sogn og Fjordane fylkeskommune gjennomføre kjøp av rutetenester for perioden etter 1. mai 2022.

Vi har utarbeida utkast til konkurransegrunnlag som vi ønskjer tilbakemelding på. Konkurransegrunnlaga byggjer på ein nasjonal mal som er under utarbeiding av Kollektivtrafikkforeningen. Denne malen byggjer på nasjonal mal for ferjekonkurransar som er utarbeida av vegdirektoratet og Kollektivtrafikkforeningen. Strukturen i våre anbod er veldig lik konkurransen Ruter gjennomfører for rutene i indre Oslofjord. Sidan Hordaland og Sogn og Fjordane vert Vestland frå nyttår, har vi hatt dialog med Skyss i samband med utarbeiding av konkurransegrunnlaget.

Vi sender konkurransen på høyring for å ta ned risikoen for både Operatør og Oppdragsgjevar. Vi ønskjer at krav vi stiller skal vere realistiske og at det skal vere ein balansert kontrakt der mellom anna risiko og regulering skal vere best mogeleg føreseieleg.

Vi har delt ruteproduksjonen inn i 3 rutepakkar:

  • Rutepakke 1 Ekspressbåt Sogn og Fjordane – Bergen
  • Rutepakke 2 Lokalbåtruter i Flora, Bremanger, Vågsøy, Høyanger og Vik
  • Rutepakke 3 Lokalbåtruter i Gulen og Solund

Tilbodsfrist er planlagt til 24. mars for rutepakke 1 og 2. For mellom anna å redusere risiko for tilbydarane har vi sett tilbodsfrist for rutepakke 3 i relativt god tid etter tildeling av rutepakke 1 og 2 (28. august).

Vi gjer merksam på at det vi sender ut på høyring er foreløpig utkast til Konkurransegrunnlag. Vi som Oppdragsgjevar står fritt til å gjere nødvendige endringar før endeleg kunngjering 20.11.2019.

Politisk bestilling

Fylkestinget har gjort vedtak om kjøp av lokal- og hurtigbåt. I grove trekk går vedtaka på at rutetilbodet skal vidareførast på dagens nivå. Fylkestinget har vidare bedt om at det skal gjennomførast eit grønt skifte dersom det er teknisk mogeleg innanfor gjeldande økonomiplan.

I 2019 brukar Sogn og Fjordane fylkeskommune om lag 130 mill.kr pr. år til drift av lokal og hurtigbåtruter. Økonomiplanen og seinare vedtak i fylkestinget opnar for at vi frå 2022 kan bruke om lag 230 mill.kr årleg.

Marknadsdialog

Vi har invitert til marknadsdialog og har gjennomført om lag 30 møter med ulike aktørar for å tileigne oss kunnskap.

Trøndelag fylkeskommune har gjennomført ei utviklingskontrakt dei har kalla fremtidens hurtigbåt. Sogn og Fjordane har følgt dette tett og brukar det som «vår utviklingskontrakt».
I tillegg har Sogn og Fjordane og Hordaland med hjelp frå Trøndelag gjennomført eit klimasatsprosjekt som vi har kalla infrastruktur fremtidens hurtigbåt der Rambøll har sett på mellom anna produksjon, lagring, transport og fylling av energi. Tryggleik i hamn er eit eige tema i dette prosjektet

I forkant av sommaren sende vi ut eit utfordringsnotat der vi oppsummerte status pr. 27. juni. Etter dette har vi fått tilbakemelding på notatet og i tillegg har konsortia i fremtidens hurtigbåt levert sine konklusjonar.

Informasjon frå marknadsdialogen, fremtidens hurtigbåt og infrastruktur fremtidens hurtigbåt tilseier at det er mulig med nullutslepp på hurtigbåt frå 2023. For å få ein god overgang til ny teknologi vert det for ein del ruter stilt krav om nullutslepp frå seinast 1. mai 2024. Det er lagt opp til ei ordning med CO2 bonus dersom nokon startar med nullutslepp før denne datoen.

Høyringa

Vi ønskjer tilbakemelding på alle delar av konkurransegrunnlaga.

Nedanfor har vi likevel valt å nemne nokre punkt som vi er spesielt interessert i å få tilbakemelding på.

Prisskjema, Opsjon på forlenging av kontraktsperioden, justering

Det er i utkast til konkurransegrunnlag lagt opp til ein snittpris pr. år pr. samband. Ut frå produksjon pr. samband vert det berekna ein kostnad pr. rutekilometer som ligg til grunn ved justering av ruteproduksjonen.

I utkastet er det lagt opp til at godtgjersle for ruteproduksjonen skal vere den same i opsjonsperioden som i sjølve kontraktsperioden på 12 år. Tilsvarande med kapitalkostnader fartøy. For kapitalkostnader infrastruktur har vi lagt opp til at det skal betalast for berre i hovudkontraktsperioden.

Det er lagt opp til at opsjon kan utløysast for heile kontrakten eller enkeltsamband.

Regulering

For rutepakke 2 er det ein liten del av produksjonen som skal utførast av fartøy på fossilt drivstoff. Er det ønskeleg/behov for 2 forskjellige reguleringsmekanismar i kontrakten?

Ruteproduksjon

Vi har lagt til grunn dagens rutetilbod. Det er svært viktig at vi får tilbakemeldingar dersom det er avgjerande med endringar i ruteoppsettet for å gjere det mogleg med nullutslepp.

Det er ein del ruter med stjernestopp/bestilling mm og det er ikkje mogleg å fastsetje ruteproduksjonen nøyaktig - Skal Oppdragsgjevar berekne eit «teoretisk» tal rutekilometer og rutetimar som er utgangspunktet for regulering eller bør Operatør gjere det?

Fartøy

Vi har i utkastet lagt inn krav om minimum 2 skrog på 2 av fartøya i konkurransane for å sikre komforten for dei reisande.

Vi har lagt vekt på å ha minst mulig spesifikke krav til fartøy og ønskjer tilbakemelding dersom vi er så runde at det går ut over dei reisande med omsyn til f.eks. universell utforming, støy mm.

Det er forslag til reguleringsmekanismar ved endring av materiell i kontraktsperioden.

Bilførande katamaran og nullutsleppsteknologi har ikkje vore ein del av prosjektet fremtidens hurtigbåt. Er det moment som er til hinder for at bilførande katamaranar kan driftast med nullutsleppsteknologi frå mai 2024?

Infrastruktur

Sidan konkurransen er teknologinøytral og det er ei rivande utvikling meiner vi det vil vere riktig at tilbydarane må ha full fridom til å bestemme om det er nødvendig med infrastruktur på land.

Når det gjeld kaier er det vidare lagt opp til at tilbyder sjølv skal gjere avtale med kai eigar:

Det er Operatør sitt ansvar å gjøre avtale om anløp og bruk av kaier, samt eventuelle kostnader rundt dette. Kostnadene skal inkluderes i tilbudet, men utbetales direkte til aktuelle kaieiere.

Ein av grunnane til at tilbydar skal ha ansvar for dialog med kaieigar er behov for tilpassing til kai i samband med ny teknologi.

Ikkje utført produksjon

I utkastet er det lagt opp til trekk for ikkje utført transport etter formelen godtgjersle ruteproduksjon pr. rutekilometer i sambandet x 1,5 x tal rutekilometer ikkje utført - uavhengig av grunn til innstilt produksjon. Godtgjersle pr. rutekilometer blir berekna ut frå godtgjersle for ruteproduksjonen i sambandet i prisskjema delt på rutekilometer i sambandet

Eit alternativ kan vere å differensiere dette meir og gjennomføre trekk ut frå kostnad pr. rutekilometer/rutetime pr. fartøy x faktor alt etter grunnen til ikkje gjennomført.

  • Innstilt tur før utløp av responstid med innsetting av alternativ transport x 1
  • Innstilt tur før utløp av responstid utan innsetting av alternativ transport x 2
  • Reservefartøy er ikkje på plass innan fastsett responstid, med innsetting av alternativ transport x 3
  • Reservefartøy er ikkje på plass innan fastsett responstid, utan innsetting av alternativ transport x 4
    Eksempel
    anbod.JPG

I tillegg kjem det eit fast gebyr avhengig av kor alvorleg avviket er.

Gebyr

Gebyrstørrelse er i utkastet uavhengig av størrelse på fartøyet.

Bonus/malus

Er under utarbeiding – kom gjerne med innspel

Sanksjonar

Er under utarbeiding – kom gjerne med innspel

Er det behov for opning for x % bruk av fossilt drivstoff for å ta ned behov for ekstra vekt til f.eks batteri/hydrogen?

Økonomi

Eit svært viktig poeng med høyringa er å finne ut om vi er innanfor den økonomiske ramma vi har til rådigheit. Det er ikkje gunstig for nokon av partane om vi lyser ut konkurransar som vi må avlyse fordi pristilboda er utanfor midlane vi har til kjøp av båttenester.

Inntektene frå passasjerar, gods og kioskdrift er om lag 100 mill. kroner for alle kontraktane. Om lag 7,5 mill. kr. av desse inntektene er knytt til rutepakke 2 og 3.

I vedtakspunkt 12 i fylkestingsak 10/19 står:

Fylkestinget ber administrasjonen lyse ut anbodet på ein måte som synleggjer skilnaden i kostnad mellom null/lågutslepp og konvensjonell teknologi.

Vi vil vurdere om/korleis dette kan løysast innafor regelverket om offentlege anskaffingar, og gjer merksam på at det kan bli aktuelt å gjere tilpassingar i konkurransen for å løyse dette.

Vi ønskjer som sagt tilbakemelding på alle delar av konkurransegrunnlaget. Høyringssvar kan sendast til batanbod@sfj.no innan 4. oktober.

Forretningsløyndomar/opplysningar vi får frå høyring vert unntatt offentlegheit, jf. offentleglova § 13, jf. forvaltningslova § 13 1. ledd nr. 2.

Last ned høyringsdokumentet om lokal- og hurtigbåtanbod i Sogn og Fjordane som pdf

Vedlegg

Rutepakke 1

Rutepakke 2

Rutepakke 3

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Fylkesdirektør

Dina Lefdal

Dina Lefdal

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
Askedalen 2
6863 Leikanger

57 63 80 00
post@sfj.no