Teksten Forsøksringen for byggeskikk bygningsmiljø tettstadsforming saman med med ein krussedull som illustrasjon.
Teksten Forsøksringen for byggeskikk bygningsmiljø tettstadsforming saman med med ein krussedull som illustrasjon.

Statusrapporten for forsøksringen, Sogn og Fjordane fylkeskommune september 1991.

Historisk bakgrunn

Forsøksringen for byggeskikk, bygningsmiljø og tettstadforming byrja 10. april 1991. Planavdelinga i fylkeskommunen tok initiativ til arbeidet med bakgrunn i avisoppslaget med overskrifta «Kulturfylket i forfall» i Bergens Tidene 16 juli 1988. Fylkesarkitetkt Anker Ryhl starta opp forsøksringen som vart eit pionerarbeidet i Noreg gjennom 1980- og 90-talet. Sidan den tid har fylkeskommunen årvisst gjeve økonomisk og fagleg støtte til tettstadprosjekt i fylket, heimla i fylkesplanen.

 

Utdrag frå dokument datert september 1991 om Forsøksringen for byggeskikk bygningsmiljø og tettstadsforming.

Klikk på biletet for å sjå i full storleik.

Tekst:

FORSØKSRINGEN FOR BYGGESKIKK, BYGNINGSMILJØ OG TETTSTADSFORMING

STATUS FOR ARBEIDET I FYLKET, SEPTEMBER 1991

Forsøksringen starta sitt arbeid på initiativ av Sogn og Fjordane fylkeskommune sin planavdeling med den 1. samlinga den 10. april 1989 i Førde.

Bakgrunnen for etableringa av Forsøksringen var journalist Jan Nyberg og fotograf Oddleiv Apneseth sitt fleirsiders oppslag i Bergens Tidende den 16. juli 1988, under hovudoverskrifta "Kulturfylke i forfall".

Fylkeskommunen har etter plan- og bygningslova eit rettleiingsansvar innan lova sitt område. Dette gjeld såleis og tilhøve innan vårt fysiske miljø.

Oppslaget i Bergens Tidende understreka i ord og bilete at det var naudsynt med ei haldningsendring i høve det fysiske miljøet og naudsynt med nytenking og ekstraordinære tiltak for betring på kort og på lang sikt av dette miljøet.

Målsetjinga for Forsøksringen sitt arbeid er å vere med å utvikle kommunesentra i Sogn og Fjordane til fysisk å bli meir trivelege, spennande, tiltalande og funksjonelle, samstundes som ein tek vare på særpreg, eigenverdi og verneverdige miljø og bygningar. Det er herunder eit mål å vere med å få fram evne, vilje og eit aktivt engasjement til å setje i gang lokalt planleggings- og aktivitetsarbeid for fysisk utvikling av dei enkelte kommunesentra.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Relaterte lenker

Tip a friendTips ein ven

Plansjef

Plansjef Synnøve Stalheim portrett

Synnøve Stalheim

Synnove.Stalheim@sfj.no
57 63 81 13
478 97 260

Tilsette