Foto av ungdommens ressursgruppe i Sogn og Fjordane. Dei fem ungdomane - fire jenter og ein gut - ser i kameraet og held rundt kvarandre. Alle er kledde i svarte t-skjorter med UKM-logoen på brystet.
Foto av ungdommens ressursgruppe i Sogn og Fjordane. Dei fem ungdomane - fire jenter og ein gut - ser i kameraet og held rundt kvarandre. Alle er kledde i svarte t-skjorter med UKM-logoen på brystet.

Camilla Haveland (f.v.), Ive van Oorschot, Jenny Hatlelid Holsæter, Oddbjørn Litlabø og Rakel Sørhaug gler seg til å jobbe med UKM heile året.

Her er URG Sogn og Fjordane

Ungdommens ressursgruppe (URG) i Sogn og Fjordane er fem ungdomar som skal vere med å utvikle UKM – Ung kultur møtest.

Dei fem er frå ulike delar av fylket og skal kome med innspel og idear til korleis UKM i Sogn og Fjordane kan bli endå betre. Dei skal vere ungdomsstemmene inn i arbeidet med UKM i både kommunane og i fylkeskommunen.

Vil ha fleire med i UKM

Eitt av måla til gruppa er å auke deltakartalet på UKM. Dei er i januar og februar i år på besøk til utvalde vidaregåande skular i fylket for å informere og inspirere ungdomar til å delta. URG-representantane skal i tillegg delta på lokalmønstringar i kommunane og evaluere og kome med idear til vegen vidare.

URG vil også ha ei sentral rolle på UKM-festivalen i Høyanger 31. mars–2. april, der dei skal ha ansvar for sosiale aktivitetar på kveldstid. Målet deira er å få snakka med alle deltakarane i løpet av festivalen.

Ta kontakt med URG om du har spørsmål om eller idear til UKM

Jenny Hatlelid Holsæter (leiar)
476 41 187
sognogfjordane@urg.ukm.no

Ive van Oorschot (nestleiar)
995 84 244
ive.van.oorschot@gmail.com

Oddbjørn Litlabø
481 48 706
litlabo@outlook.com

Camilla Haveland
960 14 347
camilla_haveland@hotmail.com

Rakel Sørhaug
907 42 421
rsorhaug@gamil.com

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Ingebjørg Erikstad 

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur

ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00