Helsetilstand – samla vurdering

Helsetilstanden

Tabell med tal

Sogn og Fjordane har ein førekomst av muskel-/skjelettlidingar som ligg over landsgjennomsnittet, medan førekomsten av hjarte-/karsjukdomar ligg på landsnivå. Talet på tilfelle av diabetes 2, talet på nye krefttilfelle og bruk av medisinar mot KOLS og astma aukar i Sogn og Fjordane.

FORKLARING TIL FIGURANE

Under kvar indikator er det ein tabell med celler som er fargelagde. Den fyrste spalta, «Nivået», viser om indikatorverdien for Sogn og Fjordane i dag er betre (grøn farge), lik (gul farge) eller dårlegare (raud farge) enn landsgjennomsnittet. Den andre spalta, «Utviklinga i fylket», viser om indikatorverdien for Sogn og Fjordane har blitt betre (grøn), er uendra (gul) eller blitt dårlegare (raud) i løpet av den perioden vi ser på. Perioden er ulik for dei forskjellige variablane, avhengig av kva datamateriale som er tilgjengeleg. Den tredje spalta, «Utviklinga samanlikna med landet», viser om indikatorverdien for Sogn og Fjordane har utvikla seg betre (grøn), lik (gul) eller dårlegare (raud) enn landsgjennomsnittet i den perioden vi ser på. Kvite celler viser at vi ikkje har tal.

Relevante lenkjer:
Helseovervakingsdokumentet PDF document ODT document

Del dette:

Relaterte lenker