Helseovervaking i kommunane

Fylkeskommunen har ansvar for å støtte kommunane i arbeidet med å kartlegge og analysere helsetilstanden. Vi bidreg med rådgjeving gjennom samlingar og seminar, og vidare ved å gøre tilgjengeleg ulike statistikkar.

Fylkesspegelen finn kommunane ulike statistikkar som dannar grunnlag for folkehelsearbeidet i regionen.

Vidare samarbeida fylkeskommunen, Helse Førde og kommunane med å gjere opplysningar til bruk i folkehelsearbeidet i kommunane tilgjengeleg. Målet er å samle mange av dei relevante folkehelseindikatorar på ein plass.

Eit utval indikatorar på folkehelseområdet ligg no i Samhandlingsbarometeret. Alle indikatorane som skal inn under folkehelsevalet i barometeret er enno ikkje på plass.

 

Læringsnettverk i regi av KS 

I nettverket skal det jobbast både teoretisk og praktisk med utarbeiding og implementering av helseoversikt/levekårsdata som skal danne grunnlag for kommunal planlegging. Det vert, med andre ord, praktisk arbeid med rettleiing fram til utarbeidd oversikt for kommunen.

Nettverket tek utgangspunkt i krav som vert stilt til kommunane når det gjeld helseoversikt og faktorar som påverkar denne (levekårsoversikt). Rettleiaren er: IS-2110 «God oversikt – en forutsetning for god folkehelse».

Ulike spørsmål vert tekne opp, til dømes:

  • Korleis skal ulike aktørar involverast i arbeidet?
  • Korleis skal det administrative og politiske nivå i kommunen vere involverte?
  • Korleis informere om resultata av kartlegginga?

KS læringsnettverk startar 2. oktober 2018, med totalt fire samlingar.
Følgande kommunar deltek i nettverket: Sogndal, Solund, Vik, Aurland, Luster, Stryn og Gulen kommune.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut
Tip a friendTips ein ven

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Ingebjørg Erikstad 

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur

ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941

Tilsette